Hopp til innhold
X
Innhald

Ordførarar i Fjaler kommune

Arve Helle vart vald til ordførar i Fjaler i 2003.

Arve Helle vart vald til ordførar i Fjaler i 2003.

Fram til kommunereguleringa i 1990 høyrde bygdene frå og med Helle i noverande Askvoll kommune til og med Kleppe i Gaular kommune til Fjaler kommune. Nokre av ordførarane kan difor ha heimstadadresse i bygdene nord for Dalsfjorden.

  • Sakførar Johan Widing Heiberg Landmark 1837-1847
  • Korpssmed Bertel Vonen 10. april-13. november 1847
  • Bonde Peder J. Fossedal 1847-1855
  • Sokneprest P. J. Smith 1855-1860 og 1876-1880
  • Bonde Ola Mathiasson Bakke 1860-1862
  • David O. Bakke var ordførar i to periodar.Foto: © Fylkesarkivet

    David O. Bakke var ordførar i to periodar.Foto: © Fylkesarkivet

    Andreas Jakobson Sande, far til forfattaren Jakob Sande, var ordførar i til saman ti år.

    Andreas Jakobson Sande, far til forfattaren Jakob Sande, var ordførar i til saman ti år.

    • Lærar Peder C. Mork 1863-1868
    • Korpssmed J. Vonen 26. februar-6. november 1868
    • Kyrkjesongar J. Kalstad 1868-1872
    • Bonde Mons D. Hustveit 1872-1876 og 1892-1896
    • Landhandlar L. Larsen 1880-1892
    • Bonde og redaktør David O. Bakke 1896-1899 og 1905-1910
    • Bonde Ole A. Skarstein 1899-1904
    • Kyrkjesongar Øystein Sørebø 1911-1913
    • Lærar Andreas Sande 1914-1916 og 1920-1928
    • Bonde Ola J. Espedal 1917-1918
    • Bonde og fanejunker Knut Bakkebø 1929-1934
    • Lærar Ragnvald Fagerheim 1935-1940 og 4. august 1945-1947
    • Bonde og kaptein Søren K. Hauge 1941-1942 og 1948-1959
    • Bonde David M. Hustveit 8. mai-31. desember 1945
    • Bonde Jonas Mork 1960-1961
    • Fabrikkeigar Aksel Hovland, Venstre, 1961-1963
    • Arne Barsnes var skoarbeidar og ordførar.

      Arne Barsnes var skoarbeidar og ordførar.

      Rasmus Felde var ordførar 1990-1995.

      Rasmus Felde var ordførar 1990-1995.

      • Lensmann Gustav Stavøstrand, Venstre, 1964- 1965
      • Lærar Ola Sørebø, Venstre, 1966-1967
      • Bonde Andreas Sande, Senterpartiet, 1968-1971
      • Fabrikkarbeidar Arne Barsnes, Arbeidarpartiet, 1972-1975
      • Takststyrar Kåre Kleppe, Senterpartiet, 1976–1981
      • Fabrikkarbeidar Trygve Bjånes, Arbeidarpartiet, 1982-1987
      • Næringsdrivande Magnar Vagstad, Arbeidarpartiet, 1988-1989
      • Veterinær Rasmus Felde, Senterpartiet, 1990-1995
      • Lærar Arne Kyrkjebø, Arbeidarpartiet, 1995-2002
      • Arbeidsleiar Jan Ulltang, Senterpartiet, 2002-2003
      • Konsulent Arve Helle, Arbeidarpartiet, 2003-2015
      • Arkeolog Gunhild Berge Stang, Venstre, 2015-
      Les meir om kommunehistoria i Fjaler.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.10.2015