Hopp til innhold
X
Innhald

Ordførarar i Gulen kommune

Anders Hantveit var ordførar  i 20 år - frå 1890 til 1910.

Anders Hantveit var ordførar i 20 år - frå 1890 til 1910.

Trude Brosvik vart den første kvinna i ordførarstolen i Gulen. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Trude Brosvik vart den første kvinna i ordførarstolen i Gulen. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.

Johannes L. Wergeland var ordførar i Brekke frå 1905 til 1910.

Johannes L. Wergeland var ordførar i Brekke frå 1905 til 1910.

Fram til 1890 heitte den Evenvig kommune. Den inkluderte Brekke sokn fram til 1850 og Utvær - seinare kalla Husøy sokn - i noverande Solund kommune fram til 1854. Frå 1964 har har Brekke vore ein del av Gulen kommune.

Ordførarar i Gulen kommune

  • Prost Niels Griis Alstrup Dahl 1837-1849
  • Bonde Rogn. P. Haugland 1850-1851, 1854-1855 og 1858-1877
  • Cand. theol. Niels Alstrup 1852-1853
  • Kjøpmann N. S. Ross 1856-1857
  • Lærar Mikal L. Vadsø 1878-1879 og 1882-1885
  • Bonde Otto L. Midtun 1880-1881
  • Bonde Gjert J. Grinde 1886-1889
  • Bonde Anders Hantveit 1890-1910
  • Bonde Hans K. Rutledal 1911-1931
  • Fylkesagronom Henrik H. Tveit 1932-1941 og 1945
  • Skulesjef Søren Randal 1946 og 1964-1967
  • Kjøpmann Ludvik J. Kjellevold 1947-1963
  • Postopnar John L. Kjellevold 1968-1971
  • Planteskulestyrar Harald Takle, Venstre 1971-1975
  • Ola Byrknes, Senterpartiet 1976-1978 og 1983-1999
  • Olav Solheim, Arbeidarpartiet 1978-1983
  • Trude Brosvik, Kristeleg Folkeparti 1999-2011
  • Hallvard Oppedal, Senterpartiet 2011-

Ordførarar i Brekke kommune

i den tida dette soknet var eigen kommune 1850-1859:

  • Lærar Ola Mathiasson Asheim 1850-1855
  • Lasse Hermundson Fram-Brekke 1856-1859

Ordførarar i Lavik kommune

i den tida Brekke var ein del av Lavik kommune-1859-1904:

  • Kaptein Peder Fredrik Hartwig 1859-1862 og 1873-1877
  • Kyrkjesongar Lasse Ellingsen 1863-1873
  • Kyrkjesongar Matias Ellingsen 1878-1883
  • Bonde og kyrkjesongar Mons H. Oppedal 1884-1889
  • Bonde Lasse J. Wergeland 1890-1901
  • Lærar Berge Instefjord 1902-1904 og 1915-1919

Ordførarar i Brekke kommune

i den tida Brekke var eigen kommune 1905-1964:

  • Bonde Johannes L. Wergeland 1905-1910
  • Bonde Ivar Sjurson Haugland 1911-1916
  • Bonde Ola K. Indre Oppedal 1917-1919, 1923-1925 og 1929-1931
  • Bonde Mons Hanson Ytre Takle 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934
  • Bonde Sjur I. Haugland 1935-1937
  • Lærar Nils R. Dale 1938-1943 og 1945
  • Berner Ellingsen 1943-1945
  • Bonde Torvald Hjellum 1946-1959
  • Gartnar Tormod Tynning 1959-1963

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.09.2011