Hopp til innhold
X
Innhald

Ordførarar i Hornindal kommune

Fram til 1867 høyrde noverande Hornindal kommune til Eid kommune. Frå 1965 til 1977 høyrde Hornindal under storkommunen Stryn.

Sjå difor: Ordførarar i Eid kommune for tida 1837-1867, og under: Kommunehistoria i Stryn for perioden 1965-1977.

Kåre Maurset var ordførar i to omgangar og er den som har stærste æra for at Hornindal i 2011 er eigen kommune.

Kåre Maurset var ordførar i to omgangar og er den som har stærste æra for at Hornindal i 2011 er eigen kommune.

Ordførarar i Hornindal 1867-1965:

  • Kyrkjesongar Knut Kirkhorn 1867-1885
  • Lærar Rasmus Rognnes 1885-1887
  • Bonde Amund Tomasgard 1888-1902
  • Bonde Ola R. Svor 1902-1913 og 1917-1919
  • Sokneprest Anton Johnson 1914-1916
  • Bonde Lars N. Gausemel 1920-1922 og 1926-1928
  • Bonde Paul K. Kirkhorn 1923-1925
  • Løytnant Jakob Gausemel 1929-1940
  • Bonde og entreprenør Ivar Melheim 1940-1942 og 1945-1955
  • Småbrukar Oliver Fagerheim 1942-1945(innsett av NS)
  • Lærar og småbrukar Kåre Maurset 1956-1963

Ordførarar i Hornindal frå 1977:

  • Lærar og småbrukar Kåre Maurset, saml.liste, -1963 og 1977
  • Lærar Paul O. Tomasgard, Senterpartiet, 1978-1981
  • Lærar Rasmus Otterdal, Høgre, 1982-1983
  • Lærar Atle Tomasgard, Venstre, 1984-1987
  • Jordstyreteknikar Jon Indredavik, Arbeidarpartiet, 1988-1991
  • Rekneskapsførar Ola Are Ytrehorn, Senterpartiet, 1993-1999
  • Kjøpmann Bjørn Lødemel. Høgre, 1999-2009
  • Møbelsnikkar Edvin Haugen, Høgre, 2009-2011
  • Førstekonsulent Anne-Britt Øen Nygård, Senterpartiet, 2011-2015
  • Sjølvstendig næringsdrivande Stig Olav Lødemel, Høgre, 2015-

Bjørn Lødemel var ordførar frå 1999 til 2009 og fekk m.a. æra av å ta imot kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit i 2006. Dei unge representantane for Hornindal er Ingeborg Svor og Mathias Grodås. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Bjørn Lødemel var ordførar frå 1999 til 2009 og fekk m.a. æra av å ta imot kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit i 2006. Dei unge representantane for Hornindal er Ingeborg Svor og Mathias Grodås. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Andre kommunesider:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.10.2015