Hopp til innhold
X
Innhald

Ordførarar i Lærdal kommune

I 1860 vart Årdal skild ut frå Lærdal kommune som eigen kommune. Mellom 1864 og 1964 var Borgund skild ut frå Lærdal som eigen kommune.

Nils Rosing Bull var første ordføraren i Lærdal.

Nils Rosing Bull var første ordføraren i Lærdal.

John Knutsen Hæg var ordførar i Borgund i til saman 21 år.

John Knutsen Hæg var ordførar i Borgund i til saman 21 år.

Anders Lunden.

Anders Lunden.

  • Sokneprest Nils Rosing Bull 1837-1843 og 1848-1857
  • Handelsmann Jan H. Nitter Hansen 1844-1845
  • Sokneprest Hannibal Winsnes 1846-1847
  • Godseigar og kaptein Jan Rumohr 1858-1859 og 1864-1871
  • Handelsmann Jørgen Chr. Lindstrøm 1860-1863
  • Sokneprest Søren Schelderup 1872-1875
  • Bonde David Anderson Raa 1876-1877
  • Bonde Bård Lysne 1878-1879
  • Landhandlar Tøger Ravn 1880-1881 og 1899-1901
  • Sakførar Othto Blehr 1882-1888
  • Bonde og landhandlar Peder Th. Tønjum 1889-1891
  • Sakførar Gerhard Dahl 1896-1898
  • Postmeister Hans H. Michelsen 1908-1910 og 1914-1916
  • Underoffiser Håkon Mo 1911-1913
  • Lærar og bonde Olav Skjær 1917-1922 og 1926-1937
  • Løytnant Nils Lysne 1923-1925
  • Bonde Per Severin Hjermann, Bondepartiet, 1938-1942 og 1945-1954
  • Petter Klingenberg, Nasjonal Samling, 1942-1945
  • Heradskasserar Egil Natvik, Venstre, 1954-1959
  • Bonde Ingebrigt Eri, Bondepartiet, 1960-1963
  • Byggmeister Anders Lunden, Arbeidarpartiet, 1964-1975
  • Bonde Per Hjermann, Senterpartiet/fellesliste 1976-1979
  • Pelsdyroppdrettar og bonde Knut L. Blaaflat, Senterpartiet/fellesliste, 1980-1981
  • Bonde og likningsfullmektig Knut O. Hegg, Senterpartiet/fellesliste, 1982-1989
  • Bonde Hans A. Tønjum, Senterpartiet/ fellesliste, 1990-1999
  • Bonde Olav Wendelbo, Senterpartiet/fellesliste, 1999-2003
  • Økonomisjef Knut O. Aarethun, Arbeidarpartiet, 2003-2007
  • Bonde Arne Sanden, Arbeidarpartiet, 2007-2011
  • Bonde, drosjeeigar og entreprenør Jan Geir Solheim, Senterpartiet, 2011-

Ordførarar i Borgund kommune 1864-1964:

  • Bonde Håkon Henrikson Eraker 1864-1867
  • Bonde og hotellvert John Knutson Hæg 1868-1873, 1876-1883 og 1892-1901
  • Bonde Håkon H. Kvamme sr. 1874-1875
  • Bonde og hotellvert Roar H. Husum 1884-1887
  • Bonde og hotellvert Ola Kirkevold 1888-1891
  • Lensmann og bonde Anders L. Nesset 1902-1910
  • Bonde og sersjant Ola E. Eggum 1911-1914
  • Bonde Jakob S. Hovland 1915-1916
  • Lensmann og bonde Lars A. Nesse 1917-1917 og 1923-1928
  • Bonde Håkon H. Kvamme jr. 1918-1919
  • Bonde og furér Ola O. Kvenshagen 1920-1922 og 1929-1931
  • Lærar Nils A. Lyslo 1936-1945
  • Hotelleigar Roar O. Husum 1945 og 1952-1955
  • Bonde Hallvard Borlaug 1946-1947
  • Heradskasserar Torstein Hillestad, Arbeidarpartiet, 1948-1951
  • Vegarbeidar Olav Sletthagen, Arbeidarpartiet, 1956-1957
  • Byggmeister Anders Lunden, Arbeidarpartiet, 1958-1963
  • To av ordførarane i Lærdal, Knut O. Aarethun (til høgre) og Arne Sanden. Foto: Bård Siem, NRK.

    To av ordførarane i Lærdal, Knut O. Aarethun (til høgre) og Arne Sanden. Foto: Bård Siem, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.12.2011