Hopp til innhold
X
Innhald

Synsk kvinne i kommunalt oppdrag

Anna Elisabeth Westerlund. Foto: Stig Næss, VG.

Anna Elisabeth Westerlund. Foto: Stig Næss, VG.

Eitt av dei mest kuriøse kommunale vedtak i Sogn og Fjordane må vere då formannskapet i Gulen i 1983 inviterte den såkalla synske kvinna Anna Elisabeth Westerlund til Gulen for å peike ut den gamle Gulating-staden.
Westerlund var både i Eivindvik, på Flolid og Stemnebø, fylgd av kommunefolk og ein skokk journalistar.

Alt før ho kom fram, hadde ho alt teke til å sjå syner om korleis tingstaden såg ut, og fantasiane vart sterkare etter kvart som dei køyrde rundt med henne. Då ho kom til Eivindvik, var ho viss på at der hadde Gulatinget lege.

Før ho reiste heim att, heldt ho tale til ei stor forsamling i Eivindvik om det ho hadde «sett», og aviser og vekeblad laga fyldige reportasjar om synene hennar kring Gulatinget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2010