Hopp til innhold
X
Innhald

Trivselshagen

Frå opningsdagen i storhallen i januar 2014. Foto: Gro Ravnestad, NRK.

Frå opningsdagen i storhallen i januar 2014. Foto: Gro Ravnestad, NRK.

I januar 2014 vart Trivselshagen på Sandane offisielt opna. Trivselshagen IKT er eit samarbeid mellom Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune om skuleanlegg, kulturbygg, symjeanlegg og ein storhall.

Skule- og kulturdelen stod ferdig i 2009 og kosta 120 millionar kroner. I 2012 vart symjeanlegget teke i bruk, også det kom på 120 millionar. Hausten 2013 var storhallen til 50 millionar kroner ferdig.

Til saman kostar Trivselshagen 290 millionar kroner, og de samla arealet er 14.000 kvadratmeter.

Frå kulturdelen av Trivselshagen. Foto: Øystein Torheim.

Frå kulturdelen av Trivselshagen. Foto: Øystein Torheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2014