Hopp til innhold
X
Innhald

Adolf Hitler vitja Sogn

Hitler ved Beitelen

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet «Deutschland». Skipet la ikkje til kai, men var djupt inn i Sognefjorden. Endepunktet for den korte visitten var Aurlandsfjorden.

Hitler ved Beitelen

Biletet som vart teke ombord, viser Hitler stå ved rekka og betrakte det høge fjellet Beitelen som dannar neset mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Til Vangsnes

Krigsskipet gjekk dessutan tett opp under Vangsnes der kolossalstatua av vikingkongen Fridtjof den frøkne på Vangsnes står - gjeven av keisar Wilhelm og avduka i 1913.

Innom Hardanger

«Deutschland» var i løpet av denne turen, som varde frå 10. til 14. april, også innom Hardangerfjorden med «der Führer» ombord.

Les meir:

*Krigshistoria i Askvoll *Krigshistoria i Aurland *Krigshistoria i Balestrand *Krigshistoria i Bremanger *Krigshistoria i Eid *Krigshistoria i Fjaler *Krigshistoria i Flora *Krigshistoria i Førde *Krigshistoria i Gaular *Krigshistoria i Gloppen *Krigshistoria i Gulen *Krigshistoria i Hornindal *Krigshistoria i Hyllestad *Krigshistoria i Høyanger *Krigshistoria i Jølster *Krigshistoria i Leikanger *Krigshistoria i Luster *Krigshistoria i Lærdal *Krigshistoria i Naustdal *Krigshistoria i Selje *Krigshistoria i Sogndal *Krigshistoria i Solund *Krigshistoria i Stryn *Krigshistoria i Vik *Krigshistoria i Vågsøy *Krigshistoria i Årdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011