Hopp til innhold
X
Innhald

Aksjonen mot kommunisten Schrøder Evensen

Solund-mannen Schrøder Leonard Evensen (1906-1944) kom tidleg med i arbeidarrørsla på Vestlandet. Etter kløyvinga av Arbeiderpartiet i 1922, slutta Evensen seg til kommunistane. Han vart ein leiande agitator og organisasjonsmann for partiet på Vestlandet, og ein nær medarbeidar av den kjende kommunistleiaren Peder Furubotn.

Kommunistane var mellom dei første som ytte organisert motstand mot nazistane etter invasjonen i 1940. Kommunistcellene på Vestlandet var stadig utsette for rassia og arrestasjonar, og under ein slik kom dei over eit brev frå Furubotn der det sto at Schrøder Evensen kjende til våpenlager i Solund.

Schrøder Evensen var heime på Enstad i Bøvågen då Gestapo kringsette huset. Han vart arrestert og torturert på tunet før han vart ført ombord på Gestapo-skøyta. Dei ville ha han til å vise dei staden der eit våpenlager skulle vere gøymt på øya Oldra.

I ein uvakta augneblink såg Schrøder Evensen snittet til å hoppe overbord då skøyta var på veg frå Oldra til Nåra. Vaktene ville skyte, men Gestapo-sjef Schilling stogga dei. Evensen var ein nøkkelperson som han ville ha levande. Men Evensen visste kva han kunne røpe om andre motstandsfolk og kameratar dersom han hamna på torturbenken i Veiten i Bergen, og derfor drukna han seg.

Familien, mellom dei den fire år gamle dottera, opplevde arrestasjonen av faren på heimegarden.

Les meir om krigshistoria i Solund

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2008