Hopp til innhold
X
Innhald

Andre verdskrigen i Hyllestad

To tyskarar som budde på Eide ei tid. Løytnant Kaufmann til høgre med oppassaren sin, Meyer. Dei ynskte å bli fotograferte med ein laks, og slik vart det. Mannen til venstre er Johannes Eide, guten heiter Reidar Eide. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Krigsutbrotet 1940

Den 1. mai 1940 gjekk tyske fly til åtak på den norske mineleggjaren ”Uller” ved øya Losna. Etter åtaket freista jagaren ”Troll” og torpedobåten ”Snøgg” å gøyme seg bort inne i Hyllestadfjorden, men gjekk seinare på kvelden same dag til Florø.

600 tyske soldatar

Under andre verdskrig bygde tyskarane i 1941 ein leir for eit infanterikompani i Hyllestad og ved Løland bru. Ortskommandandanten hadde kvarter i Hyllestad. I 1943 vart det bygd leirar i Leirvik og på Eide ved Sørefjorden. Den siste leiren var utstyrt med «Schärenschnellboote» – skjærgardsbåtar. Elles var det innkvartert soldatar i svært mange bustadhus i heile kommunen. Den tyske aktiviteten i Hyllestad nådde høgdepunktet i 1943, då det var stasjonert 600 soldatar i Hyllestad.

Brakkeleirar

Totalt bygde tyskarane kring 100 brakker og småhus i kommunen. Etter krigen vart brakker på Myrgjerdet m.a. nytta til møbelfabrikk, kommunale kontor og brannstasjon. Andre brakker i kommunen vart selde – m.a. 21 til Finnmark. Tre ungdomslag i kommunen fekk overta brakker til ungdomshus. Ei brakke frå Løland vart nytta til skulehus i Sørefjorden, ei anna til bustadhus i Leirvik. Den siste brakka vart riven på 1990-talet.

Det å få tak i mat var ikkje alltid like lett i krigsåra. Her er det kome inn ei sildelast, og folk kom langvegs frå for å sikre seg sild. Til venstre ser vi Ella Nordbø Tonning og sonen Jan Helge Tonning. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Lensmannen vart avsett

Lensmann Kaare Brevik vart avsett av tyskarane i 1943 og erstatta av ein meir venlegsinna, som vart fjerna ved freden i 1945. Under aksjonen mot Bjørn West vart det m.a. sett inn soldatar stasjonerte i Hyllestad (sjå og under Harald Risnes).

Nesje fort

Tidleg i andre verdskrig bygde tyskarane eit av dei største festningsverka på Vestlandskysten: Nesje fort, eller «Sognefjord», som tyskarane kalla det. Fortet ligg vest for Rysjedalsvika.

Arthur Brensdal framme til venstre i 1934. Her er han saman med andre ungdomar på Brensdalsstølen. Dei to attmed Arthur er Hermann Høyum og Erling Rysjedal. Jentene er frå venstre Ragna Brendsdal, Johanna Rysjedal, Else Rysjedal, Agnes Høyum, Signe Høyum. Bak dei står Odd Høyum og Kristian Høyum. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Brenning-mysteriet

I februar 1943 vart brørne Arthur Brensdal og Hjalmar Brensdal frå garden Brensdal aust for Leirvik sporlaust borte. Med båten sin «Brenning» skulle dei skysse ein deserterande tysk soldat og ei gift norsk kvinne frå Korssund til ein ukjend stad i Førdefjorden. Rømlingane dukka seinare opp i Sverige. Først i 1976 vart vraket av skyssbåten «Brenning» funnen ved Jøringbøfjellet i Førdefjorden. – Les meir i artikkelen ”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne under Naustdal kommune.

MTB-åtak i Åfjorden

Den 1. november 1944 vart ein tysk forpostbåt senka ved Sakrisskjer av norske MTB-ar, og heile mannskapet på 17 kom truleg bort. Ein annan forpostbåt vart råka og sett i land på Skorpa. Om bord i denne var det seks falne. 11 om bord overlevde, men fem av dei var såra.

Flystyrt i 1945

Den 7. april 1945 vart to tyske jagarfly av typen Focke Wulf 190 skotne ned, det eine ved Sørestrand i Lavikdalen og det andre ved Myrketjørn mellom Handalen og Lølandsheia. Flya hadde då vore i kamp med britiske fly av typen Mustang etter at britiske Beaufighter-fly hadde senka lasteskipet ”Oldenburg” i Vadheim. – Les meir om dette i artikkelen "Oldenburg" senka ved Vadheim under Andre verdskrigen i Høyanger.

Krigsfangar

Frå freden 8. mai til september vart fleire leirar i Hyllestad nytta for å huse omlag 500 krigsfangar frå dei tyske styrkane i Bergen før dei vart sende tilbake til Tyskland.

Norske soldatar heldt vakt over tyske krigsfangar i Hyllestad våren 1945. Frå venstre Anton Høydal, Sigvald Eide, Sigurd Hovland, Johan J. Berge, Magnus Nordbø og Sigurd Lekva. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Falne og omkomne frå Hyllestad

Folk frå Hyllestad i tysk fangenskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.04.2013