Hopp til innhold
X
Innhald

Andre verdskrigen i Naustdal

På Luftkampmuséet i Frammarsvik er veggane illustrerte med scener frå luftkampen over Førdefjorden - den svarte fredagen - i 1945. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Luftkampmuséet i Frammarsvik er veggane illustrerte med scener frå luftkampen over Førdefjorden - den svarte fredagen - i 1945. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tyske stillingar

Gjennom heile krigen var det stasjonert større og mindre tyske avdelingar i Naustdal. I 1943 vart det såleis stasjonert infanteri og støtteavdelingar i bygda som var knytt til den tyske divisjonen som då hadde hovudsetet i Førde. I 1943 rekvirerte tyskarane kommunehuset i Naustdal til forlegning av eit kompani soldatar. Også skulehuset på Horstad vart brukt av tyskarane under øvingar.

Horstad skule vart brukt av tyskarane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Horstad skule vart brukt av tyskarane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luftslaget over Sunnfjord

Den 9. februar 1945 blir kalla den svarte fredagen. Då vart eitt av dei største luftslaga over norsk jord utkjempa over Sunnfjord.

Luftkampmuseet som er reist på garden Slettevoll i Frammarsvik, til minne om den svarte fredagen 9. februar 1945. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luftkampmuseet som er reist på garden Slettevoll i Frammarsvik, til minne om den svarte fredagen 9. februar 1945. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne

I 1976 vart det funne vrakrestar på Gjøringebøvika. Dei viste seg å stamme frå skyssbåten "Brenning" som forsvann 24. februar 1943.

Her på Gjøringebøvika vart vraket av skyssbåten Brenning funne. Men kvar det vart av brørne Brensdal er framleis eit mysterium. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her på Gjøringebøvika vart vraket av skyssbåten Brenning funne. Men kvar det vart av brørne Brensdal er framleis eit mysterium. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tyskarane skaut på jeger

Under andre verdskrigen måtte alle våpen leverast inn, men både i Hyen og Naustdal var det mange som gøymde våpen unna for å bruke dei til hjortejakt. Rykta om dette nådde tyskarane, som fleire gonger leitte etter jegerane. Ein gong vart tre jegerar overraska av ein tysk patrulje i inste Naustedalen. To av jegerane gøymde seg, men Sverre Svoen vart oppdaga, og tyskarane opna eld. Sverre rømde for livet med kuleregnet rundt seg. Han fekk berga seg bakom ein skrent, og tyskarane rekna truleg med at han fall, for dei fylgde ikkje etter.

Samla inn pengar til presten

Då sokneprest Jørgen Huseklepp i 1942 saman med 645 andre norske prestar la ned embetet sitt, vart han arrestert og miste løna. Resten av krigen samla kyrkjelydane i Naustdal og Vevring inn pengar for å betale løna hans.

Send til Kirkenes

Under den store aksjonen mot norske lærarar i mars 1942 var Daniel Nordheim ved Ullaland skule mellom dei som vart arresterte og sende til Kirkenes. Han var nyleg blitt enkjemann, og måtte forlate tre små born heime. Han fekk sleppe heim att i september same året.

Rutebåten Jadarland. Foto: Helge Andersen.

Rutebåten Jadarland. Foto: Helge Andersen.

Famile på fire vart minesprend

Den 31. mai 1940 var rutebåten ”Jadarland” frå Sandnes Skips Aktieselskap på veg frå Sandens til Bergen. Då den kom ut på det opne havstykket Sletta sør for Haugesund gjekk den på ei mine. Båten med heile mannskapet på sju og alle dei 12 passasjerane omkom. Fire av passasjerane var ein familie som var på veg heim til Naustdal. Det var den 36 år gamle Trygve Thomassen, den 35 år gamle ektemaken Solveig Konstance og dei to borna deira. Vi har ikkje fleire opplysningar om borna eller andre detaljar om familien anna enn at begge foreldra var fødde i Bergen, og at dei hadde ein eigedom i Naustdal sentrum.

Falne og omkomne frå Naustdal

Åtte menneske frå Naustdal miste livet på grunn av krigshandlingar.

Folk frå Naustdal i tysk fangenskap

Det er registrert sju personar frå Naustdal i tysk fangenskap under andre verdskrigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2010