Hopp til innhold
X
Innhald

Aprildagane 1940

I 1939 vart det oppretta ein flymeldepost på Åkre på Høyanger sørside. Her er det Johannes J. Takle (t.v.) og Endre K. Takle som speidar etter fiendtlege fly. Ukjend fotograf. Eigar Endre K. Takle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1939 vart det oppretta ein flymeldepost på Åkre på Høyanger sørside. Her er det Johannes J. Takle (t.v.) og Endre K. Takle som speidar etter fiendtlege fly. Ukjend fotograf. Eigar Endre K. Takle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Framsida på Firda Folkeblad i Florø 9. april 1940.

Framsida på Firda Folkeblad i Florø 9. april 1940.

Krigsutbrotet 9. april 1940

Dei første soldatane frå Sogn og Fjordane som kom opp i krigshandlingar med det tyske overfallet på Noreg den 9. april 1940, var matrosar på panserskipa «Eidsvold» og «Norge», som vart senka utanfor Narvik. Begge panserskipa var umoderne, gamle holkar, bygde i 1899, og vart eit lett bytte for den tyske krigsmakta. 276 mann miste livet. Mellom dei 175 som miste livet på «Eidsvold» var tre frå Sogn og Fjordane: Jakob M. Solvik frå Vågsøy, Sigurd Monsen frå Askvoll og Joachim Tveterås frå Høyanger. Då panserskipet «Norge» like etter fekk ein fulltreffar og sokk, strauk 101 nordmenn med. Mellom dei var Kristen Nystad frå Gloppen, Trygve Eikevold frå Flora og Ingvald Vangsnes frå Vik.

1000 soldatar frå Sogn og Fjordane

Kommandosentralen for landstyrkane på Vestlandet vart den 9. april flytta frå Bergenhus til Voss.

Bømoen på Voss blir bomba av tyske fly.

Bømoen på Voss blir bomba av tyske fly.

Kring 1000 fjordingar og sogningar vart mobiliserte til leirane Bømoen og Tvildemoen på Voss, der dei fekk utlevert utstyr. Reisa gjekk med Fylkesbaatane sine skip til Gudvangen og derfrå med bilar til Bømoen. På Vestlandet vart desse styrkane sette inn i kampar m.a. på Kvamskogen. Der braut tyskanane gjennom den 23. april, samstundes som Voss vart bomba. To dagar seinare marsjerte tyske tropper inn på Vossevangen. Ei norsk soldatgruppe vart tidleg i krigen send frå Voss til Gulsvik ved nordenden av Krøderen i Hallingdal for å sperre Bergensbanen, ei anna til Dagali i Numedal.

Sverre Aas frå Hyllestad under kampane i Valdres, teikna av Andreas Hauge.

Sverre Aas frå Hyllestad under kampane i Valdres, teikna av Andreas Hauge.

Ein norsk styrke som skulle stoppe tyskarane på Myrdal stasjon, måtte gje opp kampen den 28. april. Ved Borlaug bru i Lærdal freista ein liten styrke på 50 mann fåfengt å stoppe den tyske framrykkinga over Hemsedalsfjellet mot Lærdal. Fire norske soldatar vart drepne, og dei som ikkje vart såra, rømde til fjells.

Stor innsats i Valdres

Dei fleste soldatane frå Sogn og Fjordane som vart mobiliserte til Voss, hamna i Valdres med 4. brigade etter at øvstkommanderande general Otto Ruge hadde bede om assistanse frå Vestlandet. I Valdres kom vestlendingane i harde kampar med tyske styrkar som hadde brote gjennom dei norske linene ved Hønefoss og var på marsj opp Valdres mot Filefjell og Lærdal.

Kampane i Valdres varte frå 18. april og fram til kapitulasjonen om ettermiddagen den 30.april. Det kom til harde kampar m.a. ved Bagn frå 18. til 23. april og seinare i Gråbeinshølet, på Bergan gard, ved Høljerasten bru, i Nord-Aurdal og Vestre Slidre fram til den 28. april, då overmakta vart for sterk.

Den norske 4. brigade måtte kapitulere den 30. april 1940 kl. 16.30. Dei norske offiserane vart sette i krigsfangenskap på Grini, medan soldatane vart internerte på Hvalsmoen ved Hønefoss før dei vart sende heim. Kampane i Valdres kravde livet til 46 norske soldatar, og 237 nordmenn vart såra. På den tyske sida fall 157, og 359 vart såra.

Dette biletet er teke då norske styrkar trekte seg tilbake frå Voss mot Gudvangen.

Dette biletet er teke då norske styrkar trekte seg tilbake frå Voss mot Gudvangen.

På rømming nordover frå Voss

Den første krigsveka mobiliserte hærleiinga på Voss stendig nye soldatar: Den 22. april rekna kommanderande general William Steffens (1884–1964) med å ha mobilisert alle mannskap og reservar i Sogn og Fjordane, d.v.s. 1800 soldatar, 800 skyttarlagsmedlemmer med eigne gevær og 1000 mann som kunne få tilsendt våpen frå lagera på Voss.

Mobiliseringsstadane var Nordfjordeid, der det vart samla kring 110 mann, Førde med 500 mann, Sogndal med 80 mann og Lærdal med 53 mann. Etter bombinga og den tyske innmarsjen i Voss, måtte dei norske styrkane på kring 1000 mann trekkje seg nord om Sognefjorden.

Først tok oberst Blom kvarter i Lærdal med ein styrke som var sterkt ribba for våpen og utstyr. Og då han høyrde at tyske styrkar var på veg over Hemsedalsfjellet, fann han det tryggast å flytte styrkane sine lengre nord. Den 28. april stod tyskarane som kom frå Voss, i Gudvangen. Oberst Blom var hardt pressa, og same natta fekk han flytta styrkane sine frå Lærdal til Sogndal og bygdene kring Lustrafjorden. Sjølv kom Blom seg til Førde og leia dei siste aprildagane styrkane i fylket derfrå. Men sambandslinene var delvis brotne, og det lokale forsvaret var prega av kaos og forvirring.

Generalen rømmer nordover

Mellom dei mobiliserte soldatane som var samla i avsnittet mellom Sognefjorden og Nordfjord, gjekk det i desse siste aprildagane hardnakka rykte om at engelskmennene skulle kome til hjelp, utan at noko skjedde. Då meldinga om at 4. brigade har kapitulert i Valdres den 30. april nådde fram til kommandoen i Førde, vart styrkane i Luster og Sogndal trekte vestover mot Vadheim og Førde.

Den 1. mai gav også kommanderande general på Vestlandet opp kampen og kapitulerte. Etter å ha sendt ut melding til soldatane sine om dei skulle overgje seg, reiste han sjølv frå Førde til Sandane, der han same kvelden vart plukka opp av eit sjøfly frå Marinen. Det tok Steffens og stabssjefen hans til Nord-Noreg.

DS ”Kommandøren” vart brukt til å frakte menn som vart mobiliserte i aprildagane 1940. Biletet er frå kaia i Vik, der mykje folk var møtt fram for å ta farvel med dei som skulle i krigen. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

DS ”Kommandøren” vart brukt til å frakte menn som vart mobiliserte i aprildagane 1940. Biletet er frå kaia i Vik, der mykje folk var møtt fram for å ta farvel med dei som skulle i krigen. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Få krigshandlingar i Sogn og Fjordane

Krigen i Sogn og Fjordane var over før den retteleg hadde starta: Berre ved Borlaugkrysset i Borgund kom det til direkte kampar mellom norske og tyske styrkar. På Strynefjellet hadde ein tysk flygar frå eit naudlanda fly vorte drepen då dei kom i kamp med 20 norske soldatar. Tyske fly hadde drepe kapteinane på ein «fylkesbåt» og eit lasteskip frå Estland då dei sleppte bomber over Leikanger og Flåm. Elles hadde det falle tyske bomber både over Gudvangen, Lærdalsøyri, Gloppen og Stryn i desse første krigsdagane utan at det hadde kosta norske liv.

Mange fall i Valdres

Men i Valdres, på Kvamskogen og kring Voss låg det att mange soldatar frå Sogn og Fjordane etter nokre av dei hardaste kampane som gjekk føre seg på norsk jord under invasjondagane i april 1940. I 1948 vart minnesmerket over 55 soldatar frå Fjordane Regiment-avsnitt under 2. verdskrig avduka på Voss. 25 av dei falne kom frå Sogn og Fjordane:

Minnesmerke over Oskar Ingolf Dale ved Arnafjord kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerke over Oskar Ingolf Dale ved Arnafjord kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

*Oskar Ingolf Dale *Edvin Førøy *Konrad Byrknes *Arthur Byrknes *Georg Distad *Sjur Trovåg *Chr. Fasting Aal *Olav Birknes *Halvor Trædal *Anders Eggum *Atle Svardal *Ove Aalen *Johannes Årset *Halvdan Sæla *Hans Thuland *Olaf Kinn *Aksel Midtkandal *Sigvald Høiland *Ingvald Bøen *Olav Hjelle *Kolbjørn Bolstad *Paul Ytrehorn *Odd Støyva *Per Faleide *Johan Berge

Alle dei falne frå aprildagane 1940 er saman med andre falne og omkomne under 2. verdskrig omtala i eigne lister og med biografiar under kvar heimekommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.09.2011