Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn West

Bjørn West-soldatar kjem ned frå Matrefjella etter at tyskarane hadde kapitulert.

Bjørn West-soldatar kjem ned frå Matrefjella etter at tyskarane hadde kapitulert.

På slutten av 2. verdskrig var det særleg stor pågang av unge menn som ville delta i den siste motstandskampen mot nazistane. For å organisere desse «gutta på skauen» og gje dei opplæring, vart det skipa fleire militærbasar i fjellheimen.

To av basane låg på Vestlandet: Bjørn Øst ved Voss, og Bjørn West i Matrefjella og Stølsheimen mot Bjordal.

Leiar for Bjørn West var kaptein Harald Risnes frå Hyllestad. Den kjende «tungvanns-sabotøren» Fredrik Kayser (sjå også Krigshistoria i Bremanger) var nestleiar. På vårparten 1945 talde Bjørn West 234 mann. Troppene var innkvarterte på stølar og fjellhytter i Stølsheimen, og fekk våpen og forsyningar droppa frå fly og med «Shetlandsbussar» i Nordhordlands-fjordane.

I april 1945 vart basen oppdaga, og tyskarane gjekk til åtak. Fleire hundre tyske soldatar kringsette Bjørn West. Frå Sognesida gjekk dei opp frå Brekke og frå Førde ved Bjordal. Her som elles brende dei stølshus under framrykkinga. Kampane starta 28. april, og vara heilt til freden vart kunngjort 8. mai 1945. Frå Bjørn West fall 6 soldatar, medan dei tyske tapa var 117 soldatar.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010