Hopp til innhold
X
Innhald

Buklanding på Dale

Den 6. februar 1944 måtte eit tysk Focke-Wulf-fly naudlande på Dale i Høyanger. Flyet var med i ei gruppe som skulle flyttast frå flyplassen Herdla ved Bergen til Gossen i Romsdal då flya kom inn i tett snøkave. Dei kom ut av kurs og gjekk tome for bensin.

Flyet styrte inn Høyangsfjorden, og enda ferda på Dale etter å ha berga seg unna ei kraftline og «hoppa» over eit steingjerde. Flygaren berga seg uskadd. Eit anna fly i gruppa styrta i Geitebotnsfjellet i Gautingsdalen, og flygaren vart drepen.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.04.2008