Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdeborga i Årøy

Gamletunet i Årøy.  Biletet er teke ca. 1940. Nesten alle husa vart rivne på 1970-talet. Bygdeborga ligg på knausen til venstre.

Gamletunet i Årøy. Biletet er teke ca. 1940. Nesten alle husa vart rivne på 1970-talet. Bygdeborga ligg på knausen til venstre.

På ein bergkolle like aust for den ville Helvetesfossen i Årøyelva ligg Borgarholt. Her vart det i den urolege folkevandringstida om lag 500 år e. Kr. bygt ei bygdeborg.

Framleis kan ein tydeleg sjå steinar etter borga på toppen av den steinete kollen. Frå borga kunne ein kontrollere ferdsla frå Barsnesfjorden og bygdene innanfor på Hafslo.

Steinruinane på Borgarholt er verna som fornminne, og folk som vitjar staden må ikkje flytte på steinane i den gamle borgruinen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.08.2011