Hopp til innhold
X
Innhald

Dei allierte ville opne Strynefjellet

Snørydding med handemakt på Strynefjellet, truleg i 1940. Ukjend fotograf. Eigar: Haldis og Anton Egge, frå boka ”Stryn under hakekorsflagget”.

Snørydding med handemakt på Strynefjellet, truleg i 1940. Ukjend fotograf. Eigar: Haldis og Anton Egge, frå boka ”Stryn under hakekorsflagget”.

I aprildagane 1940 hadde dei allierte planar om å setje i land britiske soldatar som skulle ta seg over Strynefjellet og setjast inn i kampen mot dei tyske soldatane ved Otta i Gudbrandsdalen.

Kring 400 nordmenn vart i all hast mobiliserte for å moke opp Strynefjellsvegen slik at britane kunne kome seg over fjellet.

Snøryddinga stod på ei vekes tid før det vart stoppa. Då hadde tyskarane nådd så langt med hærtoget opp Gudbrandsdalen at det ville vere fåfengt å sende forsterkingar til Otta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.03.2011