Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Sogndal

Perlekjede frå vikingtida, funne ved Helgheim. Foto: Arild Nybø, NRK.

Perlekjede frå vikingtida, funne ved Helgheim. Foto: Arild Nybø, NRK.

Nokre av dei mest interessante runesteinane i Sogn og Fjordane er funne i Sogndal. Eggjasteinen er særleg verdfull fordi den har den eldste innskrifta med runer som ein kjenner til.

Runesteinar i Sogndal

- Eggjasteinen, runestein ved Stedje kyrkje og Amlasteinen.

Olavskjelda i Årøy

Ei av dei utallige «Olavskjeldene» finn vi ved den gamle ferdslevegen mellom Barsnesfjorden og Hafslo ved Årøyelva. Her som i andre «Olavskjelder», skal vatnet ha lekjande kraft.

Jarnvinne i Øvstedalen

I 2009 fann arkeologar spor etter ei såkalla jarnvinne i Øvstedalen. Her vart myrmalmen vunne ut ved hjelp av primitive smelteomnar. Anlegget er datert til 900-1040 e. Kr.

Fornfunn i Fjærland

Dei fleste fornfunna som er gjorde i Fjærland, skriv seg frå den yngre jernalder og vikingtida.

Kong Tor gravlagd på Kvam?

På garden Kvam på vestsida av Barsnesfjorden er det gjort fleire gravfunn. I eine gravhaugen var det etter segna ein småkonge som heitte Tor.

Slaget ved Fimreite

I 1184 kom det til eit endeleg oppgjer, då Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson møttest i slaget ved Fimreite i Sognefjorden. Her fall kong Magnus saman med 2.000 av mennene sine.

Lusakaupang og Kaupangergodset

Amlabukta – eller Kaupangerbukta som nokre vil kalle den – er ei lun fjordbukt lengst aust i Sogndal kommune. Kring bukta ligg dei staselege herskapshusa til familiane Knagenhjelm, Heiberg og Falch Husum og vitnar om fordums rikmannsliv. Her ligg også den store Kaupanger stavkyrkje – og her låg også «Lusakaupang» - første kjende marknadsplassen i fylket.

Vinause frå Kvåle på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vinause frå Kvåle på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Ingen stader i fylket er det registrert så mange adelsgardar - eller setegardar - som i Sogndal. I tillegg til det mest kjende Kaupanger-godset, var det i høgmellomalderen (1200-1300) også såkalla setegardar for stormannsætter både på Slinde, Stedje og Kvåle - truleg også på Eggum.

Sognafuten budde i Sogndal

Frå 1530 var det den dansk-norske kongen sine futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme. Då budde futen på gardar i Sogndal.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.09.2011