Den eldste militærhistoria i Vik

I Fresvik var det eksersisplass. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Sjefsgarden frå Fresvik hamna i Førde
I Fresvik var det frå 1700-talet kompanieksersisplass. Eksersisplassen for Tjugumske Kompani låg på garden Høgheim.
Løytnantstova i Feios
På Fedje i Feios står det framleis eit hus som vert kalla «Løytnantstova». Det vart reist av løytnant Andreas Reutz tidleg på 1700-talet. Ein del av materiala i huset er frå ei gamal stavkyrkje på staden. Løytnanten skal vere den første som planta frukthage i Feios.
Skulle hente såkorn - sju fraus i hel
I krigs- og naudsåra 1807-1812 hadde sju mann frå Eksingedalen i Nordhordland vore i Vik for å kjøpte såkorn. På veg heim kom dei ut for uvêr på fjellet, og alle sju fraus i hel.
Eksersisplassen Viksmoen
I Vik var det militær eksersisplass i 172 år, frå 1726 til 1898. Særleg dei siste 25 åra stod militærvesenet sentralt i den blømingstida som bygda då opplevde - både økonomisk og kulturelt.
Skipa hesteavlslag og skapte dalasauen
Fleire av offiserane sette varige merke etter seg i Vik.

Den militære aktiviteten gav arbeid til mange i Vik, ikkje minst skomakarane. Her har seks skomakarar gått laus på ein haug av militærstøvlar etter ei øving. Fire av karane er frå Vik, det er Ingebrigt A. Sæbø, Christen Christensen, Jon Øysteinsen og Martin Christensen. Dei to andre var tilreisande. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.07.2011