Hopp til innhold
X
Innhald

Dingemoen Eksersisplass

Eksersisplassen låg på Dingemoen, oppe på sandmorenen i bakgrunnen. Biletet er teke rundt 1880.

Eksersisplassen låg på Dingemoen, oppe på sandmorenen i bakgrunnen. Biletet er teke rundt 1880.

Det Søndfiordske Compagnie vart skipa kring 1679 og hadde eksersisplassen sin på Dingemoen i Dale. Eksersisplassen låg på dei flate gardane Steien og Haugen omlag ein kilometer opp frå fjorden. Kompaniet femnde om Askvoll og Holmedal prestejeld - d.v.s. alle bygdene i noverande Gaular og Fjaler kommunar, Askvoll kommune, nordre delen av Solund kommune og Hyllestad kommune sørover til Åfjorden. Ein av dei første kommandantane for Søndfiordske Compagnie var den franskætta oberstløytnanten Johan Adam de Rochlenge, som var sjef for Sunnfjord-kompaniet frå ca. 1692 til 1707. Han hadde kjøpt Dale gard i 1679, og vart stamfar til ei slekt i Dalsfjorden som framleis nyttar familienamnet Rochlenge, eller omskrivinga Rochling. Dingemoen vart nytta som eksersisplass til eit stykke ut på 1800-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013