Hopp til innhold
X
Innhald

Eksersisplass i Brekke

Frå den norske hæren vart skipa i 1628, var det eksersisplass i Brekke. Den låg truleg mellom elveosen ved Haugland og Frambrekke.

I 1664 vart det bygt offisersbustad på garden Ytre Brekke. Frå 1677 er det kjent at offiserar nytta eigedomen som seinare vart kalla Lovisendal som bustad.

I 1718 vart Bergenhusiske Regiment delt, og Brekke og resten av Gulen vart då høyrande til den søre luten, medan resten av fylket vart tilhøyrande Nordre Bergenhuusiske Regiment (sjå: Den gamle fylkesgrensa ved Dingeneset og Kommunehistoria i Gulen).

Frå 1727 til 1745 budde oberst Even Kraft på Lovisendal. Han hadde delteke som offiser i Elleveårskrigen 1709-1720, og gav seinare ut artiklar der han freista å gje seg sjølv heltestatus etter krigsinnsatsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011