Hopp til innhold
X
Innhald

Eksersisplass i Vadheim

Hovland gard, der det var eksersisplass. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovland gard, der det var eksersisplass. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1720 og til 1880-talet var det militær eksersisplass på dei flate jordene på garden Hovland i Vadheim. Den vart nytta av "1te Batalion af det Nordre Bergenhusiske Regiment” og Sognske Compagnie som etter 1726 vart kalla Wiigske Compagnie. Leiga for eksersisplassen var i 1780-åra fem riksdalar i året.

I skattebøkene kan ein sjå at grunneigarane på Hovland også fekk skattefritak som skulle godtgjere den skaden som øvingane hadde ført til på åker og eng. På Hovlandsøyra vart det reist eit såkalla telthus, eit militært utstyrslager, som stod til 1886.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2009