Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Gulen

Hjørleiv Midttun er ein av dei 19 frå Gulen som sette livet til under andre verdskrigen. Han var radiotelegrafist og omkom då kvalkokeriet ”Kosmos II” vart torpedert i konvoifart.

Hjørleiv Midttun er ein av dei 19 frå Gulen som sette livet til under andre verdskrigen. Han var radiotelegrafist og omkom då kvalkokeriet ”Kosmos II” vart torpedert i konvoifart.

Falne og omkomne frå Gulen under 2. verdskrig:

(Du finn fleire opplysningar under Kjende personar)

  • Elisabeth Ross (1862–1944) frå Gulen. Syerske.
  • Elias Olai Ellingsen (1879–1944) frå Gulen. Steinarbeidar.
  • Johan Midttun (1891-1941) frå Eivindvik, busett i Sandefjord. Ingeniør.
  • Ivar Takle (1900–1940) frå Takle. Fyrbøtar og krigsseglar.
  • Olav Leonard Birknes (1906–1943) frå Byrknesøy. Sjømann og fiskar.
  • Krigsminnesmerket ved Eivindvik kyrkje vart avduka i 1947. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Krigsminnesmerket ved Eivindvik kyrkje vart avduka i 1947. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    • Hjørleiv Midttun (1907–1942) frå Eivindvik. Radiotelegrafist og krigsseglar.
    • Harald August Sande (1909–1941) frå Gulen. Donkeymann og krigsseglar.
    • Adolf Leonard Sande (1913–1941) frå Gulen. Tømmermann og krigsseglar.
    • Konrad Byrknes (1915–1940) frå Byrknesøy. Fiskar og soldat.
    • Arthur Byrknes (1917–1942) frå Byrknesøy. Fiskar og soldat.
    • Edvin Færøy (1917–1940) frå Gulen. Gardsarbeidar, fiskar og soldat.
    • Endre Bernhard Einebærholm Byrknes ( 1918 – 1946) frå Byrknesøy. Fyrbøtar og krigsseglar.
    • Gunnar Byrknes (1918–1940) frå Byrknesøy. Motormann og krigsseglar.
    • Klaus Krossvoll (1918–1939) frå Gulen. Maskinist og krigsseglar.
    • Jakob Amandus Villesvik (1918–1940) frå Gulen. Matros og krigsseglar.
    • Adolf Byrknes (1921–1941) frå Byrknesøy. Sjømann og krigsseglar.
    • Georg Norvald Byrknes (1921–1941) frå Byrknesøy. Fiskar og marinegast.
    • Peder Reidar Sletten (1921–1942) frå Gulen. Fiskar og marinegast.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.09.2011