Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Høyanger

Krigsminnesmerke i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Krigsminnesmerke i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Falne og omkomne frå Høyanger under 2. verdskrig:

(Du finn fleire opplysningar under kjende personar)

  • Albert Johan Hjertholm (1887–1944) fødd i Lavik, busett i Bergen. Hamnearbeidar.
  • Georg Mikael Sørebø (1890–1944) frå Lavik, busett i Bergen. Kasserar.
  • Adolf Andersen (1897–1944) frå Lavik. Sjømann og krigsseglar.
  • Agathe Røiseth (1898–1944) frå Høyanger.
  • Karl Hjalmar Hansen (1899–1943) frå Høyanger. Blekkslagar.
  • Halvar Benjamin Trædal (1916–1940) frå Trædal. Gardsarbeidar og soldat.
  • Per Olav Sørbotten (1918–1945) frå Lavik. Motorassistent og krigsseglar.
  • Joakim Tveterås (1918–1940) frå Høyanger. Marinegast.
  • Magnus Sivertsen (1920–1941) fødd i Sande i Vestfold, busett i Høyanger. Stuar og krigsseglar.
  • Gerd Svanhild Haaland (1924-1945) frå Høyanger. Kontordame.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010