Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10

Fana til Fjordane Infanteriregiment nr. 10.

Fana til Fjordane Infanteriregiment nr. 10.

Fjordane infanteriregiment nr 10 – IR 10 vart skipa i 1628 då kong Christian IV den 18. januar utferda ein «Krigsordinans» om oppbygging av ein legdshær i Noreg.

Denne avløyste den gamle leidangsordninga som hadde vore gjeldande heilt frå 950 då den vart skipa av Håkon den gode Adelsteinfostre. Med unntak av åra 1629–1641, 1646–1653 og krigsåra 1940–1945, har hærordninga som omfattar IR 10 vore i drift heilt til regimentet vart lagt ned i 1995. Då vart det erstatta med det nyskipa Fjordane regiment.

Frå leidang til legdshær

Leidangen frå 950 var først og fremst eit kystvern og var ordna i «skipreide» langs kysten, der kvart skipreide hadde plikt til å stille langskip med eit mannskap på 20-25 mann. Grensene for kvart skipreide var jamnt over identiske med dei såkalla tinglaga, ein rettskrins som sokna til eit bygdeting. Kvart tinglag/skipreide fekk etter kvart også ein lensmann.

Kvart skipreide hadde plikt på seg til kvar tid å halde eit krigsskip som skulle vere utrusta med mat til to månaders tokt og ha rikeleg med våpen. Frå Hålogaland til Gøtaelva talde det gamle norskeriket i alt 300 skipreide. Desse skulle omfatte alle bygder «så langt som laksen gjekk opp i elvane». Også innlandsgrender som t.d. Jølster og Breim var eigne skipreide med dei same pliktene som kystbygdene.

Det var såleis ei militærordning som hadde vore uendra i nærmare 700 år som vart avvikla då Christian IV skipa sin norske hær i 1628, der IR 10 var ein del av den nye legdsordninga. I Det Bergenhusiske Regiment som omfatta Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, var det i alt 1363 legder. Ei legd var samansett av fire gardar, og kvar legd hadde plikt til å stille ein soldat når Kongen kravde det.

- Les elles om dei gamle ordningane med vetar og vetevakt (vardevakt) i eigen artikkel under Vågsøy kommune: Det gamle vetesystemet i Nordfjord).

Legdshæren og IR 10

Den norske hæren som vart skipa i 1628, baserte seg på utskriving av soldatar frå alle bygder i landet med unntak av Nord-Noreg. Kvar fjerde «heil gard» skulle stille med kvar sin fotsoldat. Dette ville gje kongen ein norsk hær på til saman 6243 mann.

Hæren vart delt i fire store regiment og to såkalla Fahlein (kompani) for Stavanger-distriktet og Agder-fylka. Vestlandet nordover til og med Sunnmøre høyrde til Bergenhusiske Regiment, som igjen var inndelt i fire kompani. Kvart regiment kunne stille 1000–1350 mann under våpen.

Kvar lensherre var regimentsjef med tittel oberstløytnant, og kompanisjefane hadde kapteins grad. Alt befal heilt ned til trommeslagaren og protosen (mannen som skulle halde disiplin og tildele straff) vart løna av Kongen.

Kompania i Sogn og Fjordane

Under Bergenhusiske Regiment vart det i 1628 m.a. skipa

1. kompani for Nordhordland og Voss med 325 mann, 2. kompani for Sunnfjord og Sogn med 371 mann, 3. kompani for Sunnhordland og Hardanger med 308 mann og 4. kompani for Sunnmøre og Nordfjord med 396 mann.

Slik var planen i 1628. Men det var først i 1641 at det vart tilsett offiserar, og dei lokale avdelingane i røynda vart sette opp med oberstløytnant Georg Reishwein som regimentsjef. Alt i 1643, under den såkalla «Hannibal-feiden» vart dei første styrkane frå Vestlandet utkommanderte og sende i strid.

Eksersisplassen låg på Dingemoen, oppe på sandmorenen i bakgrunnen. Biletet er teke rundt 1880.

Eksersisplassen låg på Dingemoen, oppe på sandmorenen i bakgrunnen. Biletet er teke rundt 1880.

Nordre Bergenhusiske Regiment frå 1718

I 1718 vart det store Bergenhusiske Regiment delt, og nordre luten vart til 1. Bergenhusiske Regiment. Dette femnde om det meste av Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Aurland og deler av noverande Gulen vart høyrande til regimentet sørafor.

1. Bergenhusiske vart delt inn i fleire lokale kompani:

  • Sundre Ytre Sognske Compagnie – også kalla Wiigske Compagnie med eksersisplass i Vik.
  • Vestre Ytre Sognske Compagnie – også kalla Ladevigske Compagnie med eksersisplass i Leirvik.
  • Østre Ytre Sognske Compagnie – også kalla Tjugumske Compagnie med eksersisplass på Tjugum.
  • Indre Sognske Compagnie – også kalla Sogndalske Compagnie (Lysterske Compagnie – også omtala som Nordre Indresognske Compagnie av Bergenhusiske Nationalinfanteriregiment) - hadde nytta Kvalsøyri i Luster og Solvorn som eksersisplassar sidan 1600-talet, men dette kompaniet er ikkje nemnt som eige kompani i ordninga frå 1718. Kvalsøyri vart likevel nytta som eksersisplass heilt fram til 1871.)
  • Søndre Sundfiordske Compagnie med eksersisplass på Dingemoen i Dale.
  • Nordre Sundfiordske Compagnie med eksersisplass i Førde.
  • Søndre Nordfiordske Compagnie med eksersisplass truleg på Reed. Dette omfata også dei nordre Jølsterbygdene ned til og med Myklebust.
  • Stryenske Compagnie med eksersisplass på Tonning.
  • Eids Compagnie – også kalla Gloppenske Compagnie med eksersisplass på Vereide.
  • Nordre Nordfiordske Compagnie med eksersisplass på «Plassen» på Nordfjordeid.
  • Søndre Søndmørske Compagnie
  • Nordske Søndmørske Compagnie
Ved kvart av desse kompania var det tilsett seks underoffiserar og to tamburar, og dei hadde såkalla «telthus» som lagerdepot for utstyr like ved eksersisplassane.

Nordfjordeid med eksersisplassen

Nordfjordeid med eksersisplassen

Tamburane var trommeslagarar. Ved øvingar stilte dei opp på strategiske stader i bygda og vekte soldatane som var innkvarterte kringom på gardane med trommevirvlar om morgonen. Framleis kan ein finne lokale namn som «Tamburhaugen» etter stader der desse signalmennene stod.

Ny samling av vestlandshæren i 1789

I 1789 vart den norske hæren mykje omskipa. Hæren vart delt inn i 10 nye regiment. På Vestlandet vart 1. og 2. Bergenhusiske Regiment slegne saman til Bergehusiske infanteriregiment. Dette var samansett av to verva kompani, kvar på 120 verva soldatar og fire bataljonar, kvar bataljon på seks «Compagnie» med vernepliktige.

Dei seks bataljonane var Nordfiordske Bataljon, Sognske Bataljon, Vossiske Bataljon og tre bataljonar i Bergens - området. Nordfjordeid og Lærdalsøyri vart senter for bataljonsøvingane i Nordre Bergenhus Amt. Elles var det eksersisplassar for dei lokale kompania i mange bygder kringom i fylket.

I 1801 fekk Vestlandet sin første «commandostyrke» då «Leirdalske Skiløbercompagnie» vart skipa. Frå 1803 vart landet delt i ein Søndenfjeldske-, Nordenfjeldske- og Bergenske generalkommando.

Skarpskyttar frå 1814.

Skarpskyttar frå 1814.

I krig mot Sverige

Napoleons-krigane prega Europa dei første tiåra av 1800-talet. Heller ikkje Skandinavia gjekk fri. Eit stort tal soldatar også frå Sogn og Fjordane fall i stridar langs svenskegrensa i åra 1807–1814. Eitt av dei mest kjende slaga var slaget ved Berby den 12. september 1808, då Bergenhusiske hadde eit tap på fem soldatar. Sju frå Vestlands-regimentet vart såra.

I 1814 rykte Napoleon sin general Jean-Baptiste-Julien Bernadotte (seinare kong Carl Johan av Sverige/Noreg) nordover gjennom Holstein, og ved Kiel-freden vart den dansk-norske kong Fredrik VI tvinga til å gje frå seg Noreg. Kiel-traktaten fekk stathaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik, til å mobilisere. Denne gongen vart også vestlendingar mobiliserte til kamp på svenskegrensa. Men Carl Johan med sin svenskehær var overlegen, og den 14. august 1814 vart det slutta fred. Dei bergenhusiske styrkane marsjerte heim over Filefjell i tida frå 20. august til 15. september.

Under nasjonalreisinga frå slutten av 1800-talet og fram til 100-årsjubileet for nasjonen i 1914 vart det reist ei mengd bautaer over såkalla «Dannebrogsmenn» som utmerka seg i kamp for Danmark-Noreg under krigen 1807–1814.

Teikning av fotgarde i København.

Teikning av fotgarde i København.

Blokade og saltkoking

Under Napoleons-krigane førde engelsk blokade til matmangel og svolt i Noreg. - Alle kjenner soga om Terje Vigen gjennom diktet til Henrik Ibsen. Det var i denne tida at predikanten og forretningsmannen Hans Nielsen Hauge slapp ut frå fengselet og fekk «venene» sine til å byggje saltkokeri kringom i landet. Eitt av dei største vart bygd nede ved sjøen på Svanøy hovudgard.

- Les meir om dette i Haugianarane på Svanøy.

- Les elles under Krigshistoria i Vågsøy og Krigshistoria i Selje om Klaffetelegrafen på Stad som var i bruk i desse åra, og om dei engelske krigsskipa som utløyste «Affæren ved Silden» (sjå under Krigshistoria i Vågsøy) i 1810 og raidet i Ervik på Stad (sjå Krigshandlingar 1810 Sildegapet og Ervik) nokre dagar seinare. Les også artikkelen Åtak på Kinn 1808 under Krigshistoria i Flora.

Unionstid

Resultatet av Napoleons-krigane vart unionen med Sverige frå 1814 til 1905. Den tidlegare franske generalen Jean-Baptiste-Julien Bernadotte vart den første kongen i unionen.

Det norske militærvesenet vart sterkt nedbygd og omorganisert etter 1814. I 1817 vart regimenta avløyste av brigadar og korps, og den norske hæren vart skoren ned til 12.000 mann. I tillegg skulle det setjast opp eit uorganisert «landvern» på 9000 mann.

På Vestlandet fekk ein frå 1818 til 1866 Den Bergenske Infanterie-Brigade med i alt fem korps:

  • Nordfiordske nasjonale Musketérkorps,
  • Søndfiordske nasjonale Musketérkorps,
  • Sognske nasjonale Jegerkorps,
  • Hardangerske nasjonale Musketérkorps og
  • Bergenhusiske gevorbne ( verva) Musketérkorps.
  • Stramme karar i uniform oppstilte på Nordfjordeid tidleg på 1900-talet. I mange år var Nordfjordeid sterkt prega av at det var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 - IR10. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

    Stramme karar i uniform oppstilte på Nordfjordeid tidleg på 1900-talet. I mange år var Nordfjordeid sterkt prega av at det var hovudsete for Infanteriregiment nr. 10 - IR10. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

    Nasjonalreising og milits

    I siste halvdel av 1800-talet auka kravet om at unionen med Sverige måtte oppløysast. Den veksande viljen til norsk sjølvstende fekk eit folkeleg uttrykk i eit blømande lagslivder «norskdom» og sjølvstende vbar fanesaka, og der ein til og med skaffa seg våpen og dreiv våpenøvingar:

    I 1861 vart «Centralforeningen for udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug» skipa i Noreg. Same året vart Eidsbygda Skyttarlag skipa, og i 1862 Florø Skytterlag. Dei er såleis mellom dei eldste skyttarlaga i Noreg. Det var offiserar knytt til eksersisplassen på Nordfjordeid som gjekk i brodden for skiping av det lokale skyttarlaget der.

    I 1872 skipa «Norskelaget» i Holmedal si eige skyttargruppe, og ei mengd ungdomslag som vart skipa frå 1880-talet og utover mot 1905 tok opp våpenøvingar som aktivitet.

    Dette at tilsynelatande fredsæle lag kringom på bygdene tok opp øvingar i våpenbruk, var ikkje tilfeldig: Våpenføre og nasjonalsinna menn i lokale skyttarlag og ungdomslag kunne lett mobiliserast i ein milits som kunne verje ein sjølvstendig nasjon dersom det kom i røyninga. På 1880-talet vart dette tydelegare då mange skyttarlag var knytte opp mot den politiske venstrerørsla i «Folkevæbningssamlagenes Fællesstyre», skipa i 1881.

    Dette er den første bilen til Infanteriregiment nr. 10.

    Dette er den første bilen til Infanteriregiment nr. 10.

    Nasjonalstat med eige forsvar

    I 1887 vart den norske hæren organisert etter «Den Sverdrup-Hjorthske hærordning» – oppkalla etter Venstre-statsminister Johan Sverdrup og oberstløytnant A.D.S. Hjorth. Denne omskipinga førde m.a. til at den norske hæren vart dobla til 80.000 mann.

    I Sogn og Fjordane førde den nye hærordninga til at det meste av Sunnfjord vart tilhøyrande Sogns bataljon, medan resten av Sunnfjord og ein stor del av Sunnmøre til og med Ålesund skulle høyrde til Fjordane Bataljon. Fram til 1898 hadde Sogns Bataljon samlingane sine på Viksmoen i Vik kommune, medan fjordingar og sunnmøringar heldt til på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid. Denne hærordninga varde fram til 1911.

    Medan Nordfjordeid hadde eksistert som stor øvingsplass for militære avdelingar i lang tid med mange fastbuande offiserar, så var det først i 1874, då Vik avløyste Lærdalsøyri som fast øvingsplass for Sogns Bataljoner, at denne bygda fekk «militærpreg». Men Viksmoen fekk ei kort blømingstid: Til sterke protestar frå vikjene vart Viksmoen lagt ned og aktiviteten i dette avsnittet av vestlandshæren flytta til Bømoen på Voss i 1898.

    På Nordfjordeid fekk militærvesenet endå nokre års «nådetid»: Fjordane bataljon nytta Plassen på Nordfjordeid som øvingsplass heilt fram til ei ny ordning for hæren kom i 1931. Då hamna også fjordingane på Bømoen.

    1905: Mobilisering, men ingen kamp

    1905: Mobilisering, men ingen kamp

    I samband med unionsstriden i 1905 vart vestlendingane på nytt mobiliserte som grensevakter langs svenskegrensa. Mobilisering vart på denne tida m.a. varsla med ringing i kyrkjeklokkene og ved at eit raudt flagg vart hengd i kyrkjetårnet. Striden i 1905 vart løyst utan at det vart løyst eit skot, men i nyare tid er det kome fram at svenske generalar ville gå til krig mot nordmennene for å tukte dei til lydnad under svenskekongen.

    Også under 1. verdskrig 1914–1918 vart styrkar frå fylket kommanderte ut som vaktsoldatar som skulle sjå til at ingen krenka den norske nøytraliteten. Dei fleste soldatane frå fylket fekk nøytralitetsvakt i Bergens-området og kring Voss.

    Langs kysten patruljerte norske torpedobåtar, og desse var ofte gjester i hamnene i Måløy og Florø. Fleire stader, m.a. på Kjerringfjellet ved Eivindvik i Gulen (sjå 1. verdskrig i Gulen), vart det bygd såkalla signalstasjonar som skulle halde utkikk etter fiendtlege skip.

    IR 10 og nedbygging av Forsvaret

    I 1930 fekk regimentet som omfatta Sogn og Fjordane fylke namnet Fjordane infanteriregiment nr 10 (IR 10) med standkvarter i Bergen. Samstundes vart Nordfjord og Sunnfjord bataljonar samla i Firda bataljon. Dei to andre bataljonane i IR 10 var Sogn og Hardanger.

    Sterke antimilitaristiske straumar og ei sterk tru på ei ny og fredsam verdsordning organisert gjennom Folkeforbundet var m.a. medverkande til at det norske forsvaret vart sterkt nedbygd i mellomkrigstida. Dette hende også på Vestlandet, og i 1933 vart det slutt på dei store regimentsamlingane.

    Då 2. verdskrig braut ut i Europa hausten 1939 vart det vesle som var att av forsvaret på Vestlandet sett inn for å halde nøytralitetsvakt langs kysten og som vakter på strategiske bruer på Bergensbanen. Fleire stader i fylket bygde Forsvaret flyvarslingsstasjonar, m.a. på Hovden ved Ervik på Stad og ved Ligtvor ved Sognefjorden vest for Vik.

    På Hovden i Ervik var det flymeldepost før andre verdskrigen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    På Hovden i Ervik var det flymeldepost før andre verdskrigen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.09.2011