Flyåtak på Utvær fyr

Utvær fyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
I 1945 vart Utvær fyr eitt av dei mange norske fyra som vart sterkt skada i allierte flyåtak (sjå også "Krigshistoria i Vågsøy").
Tanken med å slå ut dei norske fyra var å hindre tyskarane i å flytte store styrkar sjøvegen frå nordflanken til kampar i Mellom-Europa i siste fase av krigen. Lykt og linse på Utvær vart øydelagt, og bustadhuset brann ned til grunnen. Fyret vart bygt opp att i 1952, men no ein etasje lågare.
Les også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 07.05.2013