Hopp til innhold

Folk frå Eid i tysk fangenskap under 2. verdskrig

  • Alf Lillestøl fødd 1882. Kjøpmann og fiskar. Arrestert 10.06.1942, overført Bergen, Ulven, Grini 16.02.1943. Akershus 20.01.1945 og sat der til freden. – Sjå elles artikkelen «Våpenrute via Hunvik» under Krigshistoria i Eid.
  • Johannes Løken fødd 1895, kontormann/løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Anders Rafshol fødd 1898, gardbrukar. Arrestert 5.10.1943, overført Vollan 12.10.1943, sett fri 18.10.1944.
  • Ole Brendefur fødd 1899, tannlege/kaptein. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, sett fri 22.07.1944.
  • Rudolf Wilhelm Hansen fødd 1900. Mannskap på D/S ”Dukat” som vart teken av japanarane 8. desember 1941 og mannskapet arrestert og sett i fangenskap i Shanghai. Døydde i 1944, truleg 17. mars, og vart gravlagd der. Sjå Falne og omkomne frå Eid.
  • Knut A. Moen fødd 1900, kjøpmann og kaptein (elev ved Krigsskulen saman med kong Olav V). Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde, og sat der til freden.
  • Johan A. Hunvik fødd 1904. Bonde. Arrestert 9.06.1942, overført Bergen, Ulven, overført Grini 14.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943. Sat der til freden. – Sjå elles artikkelen «Våpenrute via Hunvik» under Krigshistoria i Eid.
  • Olav J. Henden fødd 1905, gardbrukar. Arrestert 24.05.1941, overført Bergen 8.07.1941, overført Akershus 19.07.1941, overført Hamburg-Fühlsbuttel, sett fri 15.07.1942.
  • Erling Johnsen fødd 1909. Arrestert 9.09.1942, overført Bergen, overført Åkebergveien 11.09.1942. Ingen fleire opplysningar.
  • Knut Haugland fødd 1910, student. Arrestert og overført Bergen 28.11.1944, overført Espeland 1.12.1944.
  • Peder Haus fødd 1910, telegrafist. Arrestert 2.08. 1940, overført ”Tiranna” 8.04.40, overført Marlag und Milag, overført Oslo, sett fri 12.12.1940.
  • Frank Johnsen fødd 1915, sjåfør. Arrestert 29.11.1944, overført Bergen, Espeland 1.12.1944. Ingen fleire opplysningar.
  • Peder P. Oos fødd 1914, kjøpmann. Arrestert 27.12.1941, overført Falstad, sett fri 22.08.1942.
Peder P. Oos sat i tysk fangenskap i åtte månader.

Peder P. Oos sat i tysk fangenskap i åtte månader.

  • Kåre J. Knævelsrud fødd 1915. Kjøpmann, og flygar under kampane i Valdres i april 1940. Vart såra etter flystyrt. Arrestert 15.11. 1944, overført Bergen og Espeland, Grini 21.12.1945. Sat der til freden.
  • Johan Holst fødd 1917, sjåfør. Arrestert 11.06.1942, overført Bergen, Grini 16.02.1942, overført Sachsenhausen 30.09.1943. Sat der til freden. – Sjå elles artikkelen «Våpenrute via Hunvik» under Krigshistoria i Eid.
  • Olav Remme fødd 1917, arbeidar. Arrestert 31.04.1944, overført Bergen, Espeland 5.04,1944. Vidare opplysningar manglar.
  • Alf Ingvald Eikaas fødd 1916. Student. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.
  • Lars Bjarne Sture fødd 1920. Jusstudent. Arrestert 30.11.1943, overført Stavern, overført Grini 8.1.1944 og sat der til freden.
  • Roald Oos fødd 1921, forretningsmann. Arrestert 27.12.1944, overført Falstad og sett fri 22.08.1942.
  • Sigurd Gillesdal fødd 1923. Gardsarbeidar. Arrestert 12.04.1945, overført Bergen, overført Espeland, og sat der til freden.
  • Anton Rasmussen fødd 1924. Arrestert og overført 09.09.1942 til Bergen. Vidare opplysningar manglar.
  • Olav Torheim fødd 1927, arbeidar. Arrestert 26.02.1945, overført Espeland 19.03.1945 og sat der til freden. – Sjå artikkelen «Opprulling av Milorg» under Krigshistoria i Eid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.10.2017