Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Fjaler i tysk fangenskap

Folk frå Fjaler i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Ole Andersen Skaar fødd 1884. Landhandlar. Arrestert 26.05.1942, overført Bergen, overført Grini 16.02.1943 og sat der til freden.
  • Lasse Hovlandsdal fødd 1891. Arrestert 11.04.1942, overført Bergen, sett fri 16.05.1942.
  • Søren K. Hauge fødd 1895. Bonde og kaptein. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Ola Sørebø fødd 1896. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini 30.03.1942, overført Jørstadmoen, overtført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
    • Olav Eugen Paulus fødd 1898. Kapellmeister. Arrestert 12.11.1942, overført Stavanger 1.12.1942, overført Grini 20.1.1943, overført Natzweiler 1.10.1943, overført Dachau 1.09.1944, overført Mauthausen, overført Melk og døydde i fangenskap 13.01.1945.
    • Kristian Ramstad fødd 1898. Lærar og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Luckenwalde, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
    • Daniel Nordheim fødd 1899. Lærar. Arrestert og overført Grini 30.03.1942, overført Jørstadmoen, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
    • Lorents Konrad Strandenes fødd 1899. Politikonstabel. Arrestert 15.04.1941, overført Ulven, overført Grini 25.11.1941, overført Åkebergveien , overført Berlin 3.04.1942 og avretta 6.10.1942.
    • Sigurd Arøy fødd 1902. Lærar. Arrestert og overført Grini 30.03.1942, overført Jørstadmoen, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
    • Sigurd Aase fødd 1902. Kasserar og fenrik. Arrestert 16.08.1942, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
    • Aksel Clausen fødd 1904. Arrestert 25.07.1941, overført Bergen, sett fri 2.08.1941.
    • Hans Ludvik Bernhard Haavik fødd 1904. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini 30.3.1942, overført Jørstadmoen, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
    • Jørgen Skaar fødd 1909. Landhandlar. Arrestert 17.07.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 15.02.1943, overført Sachsenhausen 30.09.1943 og sat der til freden.
    • Anders O. Skaar fødd 1911. Ekspeditør. Arrestert 26.05.1942, overført Bergen, overført Grini 7.10.1942, overført Bardufoss, overført Grini og sat der til freden.
    • Oddleif Fagerheim fødd 1911. Lærar. Arrestert og overført Grini 30.03.1942, overført Jørstadmoen, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
      • Magnus Cecil Strandenes fødd 1911. Båtsmann. Arrestert 22.06.1940, overført Dakar i Fransk Vest-Afrika, flykta i båt til Vestindia 23.04.1941. Omkom som krigsseglar seinare i krigen.
      • Peder Sundal fødd 1912. Arbeidsformann. Arrestert 8.09.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
      • Kaare Furulund fødd 1914. Jernbanearbeidar. Arrestert og overført Møllergata 19 22.03.1943, overført Åkebergveien 6.07.1943. Ingen andre opplysningar.
      • Klaus Ask fødd 1917. Sjømann. Arrestert 8.12.1941, overført Shanghai og sat i japansk fangenskap til freden.
      • Arne Ludvig Overvaag fødd 1917. Arrestert 28.03.1945, overført Vollan og sat der til freden.
      • Per Norddal fødd 1919. Politikonstabel. Arrestert 20.08.1943, overført Bergen, overført Grini 21.11.1943, overført Stutthof 9.12.1943 og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011