Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Førde i tysk fangenskap

Folk frå Førde i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Trygve Bydal fødd 1888. Distriktslege. Arrestert 28.06.1944, overført Bergen, overført Grini 14.09.1944 og sat der til freden.
    • Thor Nicolay Devig fødd 1888. Elektrikar. Arrestert 15.05.1941, overført Møllergata 19, overført Grini 26.09.1941, overført Hamburg-Fuhlsbüttel 10.01.1942 og døydde i fangenskap 30.01.1942.
      • Mathias Nygaard fødd 1894. Bonde og løytnant. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
        • Johan Jacobsen fødd 1897. Transportleiar. Arrestert 2.08.1944, overført Stavanger, overført Grini 15.09.1944 og sat der til freden.
          • Jørgen Neverdahl fødd 1898. Skulestyrar. Arrestert og overført Bergen 29.04.1943, overført Espeland, sett fri 31.07.1943.
            • Karl Aasen fødd 1900. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 26.08.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
              • Jon Rui fødd 1904. Lærar. Arrestert og overført Grini 20.06.1944, overført Stavanger, overført Grini 2.08.1944 og sat der til freden.
                • Odd Kleppe fødd 1910. Ingeniør. Arrestert 27.10.1943, overført Akershus, overført Rendsburg 10.1.2.1943, overført Brandenburg, overført Sachsenhausen og sat der til freden.
                  • Edvard Johan Faleide fødd 1911. Arrestert 14.02.1945, overført Bergen, overført Espeland 20.03.1945 og sett fri.
                    • Henry Engebregtsen fødd 1914. Kontorassistent. Arrestert og overført Bergen 6.06.1943, overført Espeland 10.07.1943. Ingen andre opplysningar.
                      • Alf Skodvin fødd 1917. Bokhaldar. Arrestert 20.06.1944, overført Stavanger, overført Grini 2.08.1944 og sat der til freden.
                        • Helge Bydal fødd 1918. Student. Arrestert 11.03.1943, overført Vollan, overført Falstad 5.07.1943, overført Sachsenhausen 5.07.1943 og sat der til freden.
                          • Per Nordeide fødd 1925. Gymnasiast. Arrestert 14.11.1944, overført Bergen, overført Grini 21.02.1945 og sat der til freden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2010