Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Naustdal i tysk fangenskap

Lidvald Stubhaug vart fengsla 9. juli 1941.

Lidvald Stubhaug vart fengsla 9. juli 1941.

Folk frå Naustdal i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Einar Birkeland fødd 1899. Byggmeister. Arrestert 22.05.1943, overført Grini 22.06.1943, overført Akershus 20.11.1943, overført Kiel, overført Coswig og døydde i fangenskap den 17.03.1945.
  • Anton Kåre Bjørkelo fødd 1924. Arbeidar. Arrestert og overført Åkebergveien 20.08.1942, overflrt Grini 1.09.1942, overført Sachsenhausen 20.03.1943 og sat der til freden.
  • Albert Buanes fødd 1893. Gardbrukar og løytnant. Arrestert 16.08. 1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Olav Hammerseth fødd 1919. Landarbeidar. Arrestert og overført Bergen 17.08.1943, sett fri 18.09.1943.
  • Odd Johnsen fødd 1924. Gardsarbeidar. Arrestert og overført Vollan 18.04.1944, sett fri 27.04.1944.
  • Lidvald Stubhaug fødd 1919. Arrestert og overført Bergen 9.07.1941, overført Ulven 28.07.1941. Ingen andre opplysningar.
  • Johannes Matias Vefring fødd 1906. frå Vevring, busett i Bergen. Meieriarbeidar. Deltok i motstandsrørsla i Bergen og vart arrestert og send til tyske konsentrasjonsleirar då den såkalla Alvær-gruppa vart rulla opp i februar 1941. Han vart berga av ”dei kvite bussane” i 1945. Andre detaljar vantar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2010