Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Vik i tysk fangenskap

Folk frå Vik i tysk fangenskap under 2. verdskrig:

  • Francis Olsen fødd 1881. Arrestert og overført Grini 10.11.1942, sett fri 8.12.1942.
  • John Markussen Finnebotten fødd 1886. Gardbrukar. Arrestert 13.01.1942, overført Vik hjelpefengsel, overført Bergen, overført Grini 25.01.1942, sett fri 25.06.1942.
  • Guttorm J. Brekke fødd 1891. Lærar. Arrestert 20.03.1942, overført Grini, overført Jørstadmoen, overført Kirkenes, sett fri 20.11.1942.
  • Andreas M. Holstad fødd 1901. Revisor og løytnant. Arrestert 21.08.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Martin Johnsen fødd 1901. Formann. Arrestert 13.01.1943, overført Bergen, overført Espeland 16.02.1943, overført Grini 11.05.1943, sett fri 23.12.1943.
  • Hallvard Søvde fødd 1902. Sokneprest. Arrestert 12.01.1943 og sett i Vik hjelpefengsel, overført Bergen, overført Espeland 16.02.1943, overført Grini 10.05.1943, overført Sachsenhausen 29.07.1943 og sat der til freden.
  • Einar Holstad fødd 1904. Kjøpmann og fenrik. Arrestert 16.08.1943, overført Grune, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Thorvald Thorsen fødd 1905. Bakarmeister. Arrestert 13.01.1943, overført Bergen, overført Grini 11.05.1943, sett fri 20.12.1943.
  • Peter Frimann Koren fødd 1906. Distriktslege. Arrestert 11.02.1943, overført Bergen, overført Grini 11.05.1943, overført Bergen 15.10.1943. Ingen andre opplysningar.
  • Ingvald Svendsen fødd 1910. Fiskar. Arrestert og overført Bergen 9.04.1943, overført Espeland 4.05.1943, sett fri 10.06.1943.
  • Jens Svendsen fødd 1912. Arbeidar. Arrestert og overført Bergen 9.04.1943, overført Espeland 4.05.1943, sett fri 10.06.1943.
  • Bernt Kristensen fødd 1914. Slaktar. Arrestert 13.01.1943, overført Bergen, overført Espeland, overført Grini 11.05.1943, sett fri 22.12.1943.
  • Christian Fredrik Fasting Aall fødd 1914. Handelsagent. Arrestert 25.06.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02.1943, overført Trandum 14.10.1943 og avretta 14.10.1943.
  • Jakob Flæte fødd 1915. Politikonstabel. Arrestert 16.08.1943, overført Bergen, overført Espeland 20.08.1943, sett fri 1.11.1943.
  • Per Breilid fødd 1916. Sjåfør. Arrestert 12.01.1943, overført Bergen, overført Grini 11.05.1943, sett fri 23.12.1943.
  • Olav Skjerven fødd 1918. Politikonstabel. Arrestert 16.08.1943, overført Bergen, overført Grini 21.11.1943, overført Stutthof 9.12.1943 og sat der til freden.
  • Normann Svendsen fødd 1919. Arbeidar. Arrestert og overført Bergen 9.04.1943, sett fri 9.06.1943.
  • Nicolay Hornnes fødd 1922. Kontormann. Arrestert 10.01.1943, overført Bergen, overført Grini 11.05.1943, sett fri 16.06.1943.
  • Ragnar Hornnes fødd 1923 frå Vik. Samyrkelagsstyrar og Arbeidarparti-politikar. Arrestert for motstandsarbeid 13.01.1943, overført Bergen, overført Grini 11.05.1943, sett fri 16.06.1943.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011