Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet i Osmundsvåg

I knausen til høgre for huset låg fortet i Osmundsvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I knausen til høgre for huset låg fortet i Osmundsvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortet i Osmundsvåg nordaust for utløpet av Ulvesundet var stridsklart i november i 1942. Fortet hadde samane med fortet på Halsør som oppgåve å kontrollere skipsleia i Sildagapet sør for Stad og sperre innløpet til Ulvesundet.

Kanonane hadde ei rekkevidde på 13 kilometer. I fjellet Klubben vart det bygt kommandobunker. Her kan ein framleis sjå Sildagapet med øyar og holmar måla på veggen over utkikksgluggane. Avstandar til tenkte sjømål er teikna inn på silhuett-teikninga.

Hovudskytset på Osmundsvåg-fortet var fire belgiske 155 mm feltkanonar, og til nærforsvar hadde fortet ein tsjekkisk feltkanon på 765 mm, ein russisk på 45 mm, tre 20 mm luftvernkanonar og seks mitraljøser. Dessutan hadde fortet ein stor lyskastar og var verna med i alt 1650 miner. Folket i dei næraste tuna vart jaga bort og husa brukte som soldatbustader. Fortet vart lagt ned i august 1944.

Framleis er ein del av betongkonstruksjonane i kystfortet i Osmundsvåg synlege. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Framleis er ein del av betongkonstruksjonane i kystfortet i Osmundsvåg synlege. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjå òg:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.04.2010