Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet i Rutledal

Ein av kanonane i Rutledal. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten!”

Ein av kanonane i Rutledal. Foto: Kystartilleriet, frå boka ”Fronten er kysten!”

Vestanfor torpedobatteriet i Rutledal stod eit sterkt kystfort stridsklart i mai 1941.

Vestanfor torpedobatteriet i Rutledal stod eit sterkt kystfort stridsklart i mai 1941.

Bygginga av festninga på Nesje (sjå: Krigshistoria i Hyllestad) på nordsida av Sognefjorden og anlegget ved Rutledal starta samstundes. I Rutledal vart fortet m.a. utstyrt med fire tyske 100 mm feltkanoner med ei rekkevidde på 16.000 meter, ei panservernkanon og eit par luftvernkanoner. Dessutan hadde fortet fleire flammekastarar for nærforsvar, og to sterke lyskastarar som kunne sveipe Sognesjøen.

Fortet var bemanna med 96 mann. Den første tida budde soldatane i privathus som var rekvirerte kringom i bygda, men vart seinare flytta til mannskapsbrakker like bak stillingane.

Kring anlegget vart det lagt ut 4.731 landminer som vart fjerna like etter krigen. Derimot vart dei rustne piggtrådperringane liggjande i utmarka på Rutledal heilt til 1979 før området vart skikkeleg rydda.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2010