Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet på Halsør

Halsøyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halsøyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halsør-bygda ligg på nordsida av Vågsøy med vidt utsyn over Sildagapet og Stadhavet. Her bygde tyskarane eit kystfort som stod stridsklart i juni 1941.

Hovudskytset var fire franske 105 mm feltkanonar, og til nærforsvar hadde Halsør ein 75 mm feltkanon, fem mitraljøser, 16 flammekastarar og to 20 mm luftvernkanonar. Anlegget var m.a. verna mot ein eventuell invasjonsstyrke landsett frå Refviksanden med eit minefelt med 899 miner, og tanksminer gravne ned i vegen ved sida av sperrebukkar.

Skaut ned alliert fly

Mannskapet på 87 mann var samansett av ein offiser, 15 underoffiserar og 71 menige soldatar. Mannskapet var innkvarterte i seks brakker, og på Halsanakken låg det dessutan ei lita brakke i samband med luftvernbatteriet som var installert der. Desse kanonane skaut ein gong ned eit alliert fly. Flygaren vart berga og teken hand om av folk på øya Silda.

Brakke var kyrkje

Då Raudeberg-kyrkja brann i 1945, vart ei av tyskarbrakkene på Halsør nytta som kyrkje for Nord-Vågsøy fram til ny kyrkje stod ferdig på Raudeberg i 1950. Seinare har kantinebrakka i det tidlegare fortet vorte nytta til barnehage.

Sjå òg

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.04.2013