Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet på Klævold

På det skogkledde neset på Klævold hadde tyskarane eit stort festningsanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På det skogkledde neset på Klævold hadde tyskarane eit stort festningsanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardane Klævold ligg på autsida ved utløpet til Vadheimsfjorden. Under andre verdskrigen bygde tyskarane i 1943 eit stort festningsanlegg her, bemanna av 96 mann.

Anlegget hadde fire 105 mm feltkanoner som hovudskyts. Tyskarane rekvirerte gardshusa på Klævold, og la ut minefelt og vegsperringar. Fortet vart lagt ned i februar 1945 og kanonane flytta til Flostaøya ved Arendal.

Sjå også:

  • Krigshistoria i Høyanger
  • Frå kanonstillinga på Klævold hadde tyskarane god kontroll på trafikken på Sognefjorden. Lavetten som kanonen stod på er framleis intakt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Frå kanonstillinga på Klævold hadde tyskarane god kontroll på trafikken på Sognefjorden. Lavetten som kanonen stod på er framleis intakt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010