Hopp til innhold
X
Innhald

Fortet på Lammetun

Kommandotårnet med bunkers står framleis som det vart bygt av tyskarane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommandotårnet med bunkers står framleis som det vart bygt av tyskarane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kystfortet på Lammetun vart bygt frå oktober 1941, og skulle saman med Fure-fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Bufjorden, og sperre innløpet til Dalsfjorden.

Etter at bygdefolk og buskap var tvangsflytta, starta arbeidet på eit stort fjellanlegg med kommandoplass og forlegning for soldatar i ein tunnel under kanonstillingane. Mykje av arbeidet vart utført av russiske krigsfangar, som vart skyssa til Lammetun frå fangeleiren i Fureneset med motorbåten «Fagervik I» frå Leitet.

Inne i bunkersen er det m.a. ein stor hall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inne i bunkersen er det m.a. ein stor hall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ikkje ferdig utbygt

Dei første kanonane på Lammetun var franske feltkanonar frå første verdskrig. Seinare vart dei erstatta av fire av nyare dato. Granatane frå Lammetun-kanonane kunne treffe mål 16.000 meter unna. Ved fortet på Lammetun var det 96 befal og soldatar. Det var stridsklart i juni 1942, men var ikkje ferdig utbygt då krigen tok slutt. Kring fortet vart det også sett opp ein del falske kanonar bygde av tømmerstokkar og finér for å lure fiendande ved eit åtak.

Inne i kommandotårnet hadde tyskarane måla profilane av øyane utanfor, med avstandar. Dei som vitjar fortet kan lese om historia på ei informasjonstavle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inne i kommandotårnet hadde tyskarane måla profilane av øyane utanfor, med avstandar. Dei som vitjar fortet kan lese om historia på ei informasjonstavle. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mange miner

Etter krigen vart det rydda bort i alt 3066 miner kring fortet, og ein tysk offiser vart hardt skadd då ein mine gjekk av. Heilt fram til 1969 vart det funne miner på Lammetun.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2010