Hopp til innhold
X
Innhald

Frontkjemparane

Karl Uno Sundberg var ein av tre frontkjemparar frå Høyanger.

Karl Uno Sundberg var ein av tre frontkjemparar frå Høyanger.

Mange unge nordmenn med nazi–sympatiar melde seg til krigsteneste på Austfronten under 2. verdskrig. I høve til andre landsdelar var det få frontkjemparar frå Sogn og Fjordane. Dei fleste kom frå Høyanger.

Av dei som reiste til Austfronten frå Høyanger fall tre unge menn: Karl Uno Sundberg (1922-1943), Leif Fossen (1921-1943) og Terje Litzheim (1918-1942).

Sundberg si båre vart ført tilbake til Høyanger: Han var den første frontkjemparen som vart gravlagd i Noreg, og nazistane skipa til ”statsbegravelse” for han.

Avisoppslag om gravferda til Karl Uno sundberg i Høyanger.

Avisoppslag om gravferda til Karl Uno sundberg i Høyanger.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.11.2009