Hopp til innhold
X
Innhald

Frontsoldatar frå Sogn og Fjordane

Karl Uno Sundberg var ein av tre frontkjemparar frå Høyanger.

Karl Uno Sundberg var ein av tre frontkjemparar frå Høyanger.

Mange unge nordmenn med nazisympatiar melde seg til krigsteneste på Austfronten under 2. verdskrig. I høve til andre landsdelar var det få frontkjemparar frå Sogn og Fjordane.

Fire frå Sogn og Fjordane omkom

Av dei 5500 nordmennene som deltok i krigen på tysk side, døydde 836 i strid, fangenskap eller i ulukker. Ein kjenner til fire frontkjemparar frå Sogn og Fjordane som fall i kampane på Austfronten. Av dei fem som reiste til Austfronten frå Høyanger, fall tre menn: Karl Uno Sundberg f. 1922. SS-Schütze div. Wiking. Han døydde av krigsskadar på eit feltlasarett i Wroclaw, Polen i 1943. Gravlagd i Høyanger. Leif Fossen f. 1921. Legions-Schütze, døydde på feltlasarett i Nikolskoje, Russland i 1943. Terje Litzheim f. 1918. Han var SS-Panzerobergrenadier i SS-Division Nordland. Han fall ved Kosjeritsy i Russland i 1944.

Også Kåre Skavang og Tor Arntzen frå Høyanger var frontkjemparar. Begge vart tekne til fange av russarane, men slapp fri etter krigen. Tor Arntzen var son til ordførar og NS-fylkesordførar Johan Arntzen (sjå denne, Høyanger kommune).

Frå Vik reiste det tre menn som frontkjemparar til Austfronten: Svend Svendsen som var son til NS-ordføraren i Vik. Sigurd Bø som vart såra under kampane på Austfronten, og Oddvar Hornnes f. 1922, som fall i juni 1943 ved Srednij i Ukraina.

Også studenten Henrik Guddal f. 1918, frå Kalvåg, hadde teke soldatutdanning i Tyskland for å gjere teneste på Austfronten, men døydde truleg av skadar under rekruttida i Fallingsbostal i Tyskland før han vart utkalla i strid. Gravlagd på Nordfjordeid.

Avisa til Rikshirden – ”Hirdmannen”.

Avisa til Rikshirden – ”Hirdmannen”.

Omkom i Thekla-ulukka

To tidlegare frontsoldatar frå fylket omkom då ammunisjonslekteren M/S ”Thekla” gjekk i lufta utanfor Florø den 1. september 1945 og over 20 personar – dei fleste fangar mistenkte for krigsbrotsverk - omkom. Dei to frontsoldatane i ”Thekla”-ulukka var: Olav Anton Djupevik f. 1921, frå Eikefjord, som var i politikompaniet i SS-Gebirgs-Division Nord, og Michael Rognes f. 1922, frå Holmøyane i Eid, som hadde kjempa på Austfronten i 2. kompani i Den norske legion.

Francis Johan Philipsen f. 1897, med adresse Leikanger, var SS Unterscharführer i Den norske legion. Han deltok også i den finske vinterkrigen 1939-1940. Det er uklåre opplysningar om han, men han vart truleg avretta i Tyskland i mars 1945.

Arne Justus Buhs f. 1924 med adresse Balestrand var Oberfenrich i den tyske krigsmarinen. Han fall i eit slag utanfor Finnmark i 1944.

Elles kjenner ein til fylgjande frontkjemparar frå Sogn og Fjordane:

  • Frå Fjaler: Johan Stenseth frå Guddal, Legions-Schütze.
  • Frå Gloppen: Arne Røyrvik frå Hyen, Legions-Schütze.
  • Frå Leikanger: Jan Tårneby, Legions-Schütze.
  • Frå Stryn: Per Sunde frå Stryn, Legions-Schütze.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015