Hopp til innhold
X
Innhald

Gestapo i Sogn og Fjordane

Gestaposkøyta er innom Askvoll på veg frå Staveneset til Høyanger etter arrestasjonane i mars 1945. I midten står Oddny og Anton Hollevik som vart arresterte og torturerte. Til høgre er Georg Esswein og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer. Fremst til venstre står to menn frå Fure. Foto: Abraham Strømmen. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gestaposkøyta er innom Askvoll på veg frå Staveneset til Høyanger etter arrestasjonane i mars 1945. I midten står Oddny og Anton Hollevik som vart arresterte og torturerte. Til høgre er Georg Esswein og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer. Fremst til venstre står to menn frå Fure. Foto: Abraham Strømmen. Eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gestapokvarteret i industribyen Høyanger vart kalla Dienststelle Høyanger. Før den tid var det Gestapo i Bergen som hadde oppsynet med Sogn og Fjordane. I 1942 fekk den frykta torturisten Helmut Klötzer kommandoen over Gestapo i Sogn og Fjordane saman med nestleiaren sin, Georg Eisswein. Den svarte «Gestapo-skøyta» dei brukte på aksjonane sine var frykta over heile fylket. Den vart brukt til forhøyr og fangetortur.

Hovudkvarter i Høyanger

Gestapo-kvarteret i industribyen vart kalla Dienststelle Høyanger. I ingeniørmessa i Kloumanns alle hadde dei det frykta torturkammeret sitt.

Klötzer vert sjef

Etter ein kort sjefsperiode for Werkschutz ved Nordag i Årdal fekk den frykta torturisten kommandoen over Gestapo i Sogn og Fjordane.

Gestapo-aksjonar i Høyanger

Blikkenslagar Karl Hansen og 20 år gamle Svanhild Haaland miste livet i tyske konsentrasjonsleirar etter Gestapo-aksjonar i Høyanger.

Oppgjeret med Klötzer og co.

Då Helmut Klötzer vart ført til Høyanger, var det reine lynsjestemninga på kaia.

Les og om *Milorg i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.09.2011