Hopp til innhold
X
Innhald

Heimevernet

HV 10 heldt til på Skei fram til 2005. Foto: NRK.

HV 10 heldt til på Skei fram til 2005. Foto: NRK.

Ein sentral lekk i det nye norske forsvaret etter krigen var skipinga av Heimevernet i 1946.

I Sogn og Fjordane har Heimeverndistrikt 10 (HV 10) vore knytt til Fjordane Infanteriregiment nr. 10 (IR 10) - frå 1961 kalla Fjordane forsvarsdistrikt/Fjordane infanteriregiment nr. 10 (FDI 10/IR 10). HV 10 vart delt inn i tre krinsar: HV-krins 103 Firda (Sunnfjord og Nordfjord), HV-krins 102 Sogn og HV-krins 101 Voss og Hardanger.

Heimestyrkar frå Nordfjord samla på Nordfjordeid etter krigen. Foto frå Sogeskrift for Eid.

Heimestyrkar frå Nordfjord samla på Nordfjordeid etter krigen. Foto frå Sogeskrift for Eid.

I 1956 vart Heimevernet omorganisert, og HV 10 vart no delt inn i seks heimevernavsnitt i staden for tre krinsar. I Sogn og Fjordane vart fylket delt i fire krinsar - ein for ytre Sogn, ein for indre Sogn, ein for Sunnfjord og ein for Nordfjord.

Nesje fort viktig øvingsstad

I Sogn og Fjordane har Heimevernet m.a. nytta det gamle tyske sjøfortet på Nesje i Hyllestad kommune som ein viktig øvingsstad.

Frå ei HV-øving i Nordfjord.

Frå ei HV-øving i Nordfjord.

Ved eit makebyte mellom Eid kommune og Forsvaret om den sentraltliggjande Plassen på Nordfjordeid på 1970-talet, bygde Eid kommune øvingssenteret Firda kaserne ved Hjelle for Heimevernet. Samstundes fekk Forsvaret eit skytefelt i Remmedalen i Nordfjord.

Frå Bergen til Skei og så nedlagt

Etter Stortingsvedtak i 1987 vart standkvarteret for HV 10 flytta frå Bergen til Skei i Jølster. Her heldt det til fram til årsskiftet 2005, då HV 10 vart lagt ned etter endå ei ny omorganisering i det norske forsvaret.

Ved denne organiseringa høyrer Heimevernet i Fjordane, samt Sogne-kommunane Hyllestad, Høyanger, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster no til Møre og Fjordane Heimeverndistrikt 11 med standkvarter på Åndalsnes, medan kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Vik, Gulen og Solund høyrer til Bergenhus Heimeverndistrikt 09 med standkvarter i Bergen.

Sjå og HV 10 på Skei.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2011