Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudkvarter i Høyanger

Den tidlegare ingeniørmessa i Kloumanns Allé, der Gestapo hadde torturkammeret sitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den tidlegare ingeniørmessa i Kloumanns Allé, der Gestapo hadde torturkammeret sitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Arbeidargrupper ved Høyanger verk var nokre av dei første som starta aktivt motstandsarbeid i Sogn og Fjordane under 2. verdskrig. M.a. vart det gjeve ut fleire illegale aviser, organisert radiolytting og bygd hemmelege våpenlager. Det sosialistiske arbeidarmiljøet på industristaden var nok avgjerande for at den tyske okkupasjonsmakta la hovudkvarteret til det frykta Gestapo til Høyanger hausten 1941.

Det talde sjølvsagt med at aluminiumsverket var strategisk viktig for den tyske krigsmaskinen. Bombinga av verket den 9. april 1941 sette ein støkk i tyskarane, og det talde nok også med ved lokaliseringa av Gestapo at dei ville sikre seg mot lokale rapportørar som samarbeidde med dei allierte i nye anslag mot verket.

Gestapo-kvarteret i industribyen vart kalla Dienststelle Høyanger. Før den tid var det Gestapo i Bergen som hadde oppsynet med Sogn og Fjordane. Første sjef heitte Vögel, med nestkommanderande Eichholz, og ein dansk assistent som heitte Steen Henriksen. Gestapo konfiskerte fleire sentrale hus til kontor og bustader, m.a. ingeniørmessa i Kloumanns alle, der dei installerte det frykta torturkammeret sitt.

Nasjonal Samling plasserte også fylkesleiinga si i Høyanger, med Anders Brokstad i spissen. Den forhatte Hirden rekrutterte nokre av sine mest aktive medlemer mellom ungdomen i Høyanger, og uvanleg mange vart frontkjemparar. Nest etter Vik kommune, var det Høyanger (då Kyrkjebø kommune) som hadde flest medlemer i Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane. Postmeister Johan Arntzen vart NS-ordførar og seinare også NS-ordførar i fylkestinget.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010