Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger og 1. verdskrig

Hadde det ikkje vore for 1. verdskrigen kunne det ha vore eit elektrostålverk og ikkje aluminiumsverk i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hadde det ikkje vore for 1. verdskrigen kunne det ha vore eit elektrostålverk og ikkje aluminiumsverk i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved utbrotet av 1. verdskrig i 1914 låg den tyske keisar Wilhelm i Balestrand med ein stor flåte. Den tyske kronprinsen var i Olden, og reiste i hui og hast til Sandane og derifrå med bil til Vadheim, der han vart plukka opp av keisar-flåten då den reiste ut Sognefjorden og heim til Tyskland.

Verdskrigen var viktigaste grunnen til at planane om kraftkrevjande industri i Høyanger vart endra frå elektrostålverk til aluminiumsverk, fordi det lette aluminiumsmetallet vart rekna som ettertrakta «krigsmetall».

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010