Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger under krigsutbrotet 1940

Høyanger på 1930-talet. 9. april 1940 vart industristaden evakuert. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Høyanger på 1930-talet. 9. april 1940 vart industristaden evakuert. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ved utbrotet av den 2. verdskrig 9. april 1940 vart industristaden Høyanger evakuert av frykt for bombeåtak. Pasientane ved Høyanger sjukehus vart evakuerte til Kyrkjebø kvileheim.

I Vadheim vart store mobiliseringsstyrkar samla før dei vart skyssa vidare til uniformering og væpning på Voss. Like etter krigsutbrotet i april 1940 vart den norske torpedobåten «Garm» senka ved Bjordal på Høyanger sørside. Krigsskipet låg til ankers i Fuglsetfjorden mellom Hest og Førde då det vart bomba i senk av tyske fly. Også torpedobåten «Troll» som låg ved Nordeide vart skoten på av tyske fly.

Aluminiumsverket i Høyanger vart raskt sett under tysk administrasjon og fekk eigen forvaltar.

Torpedobåten Garm som vart senka ved Bjordal.

Torpedobåten Garm som vart senka ved Bjordal.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010