Hopp til innhold
X
Innhald

Infanteristyrkar leia frå Måløy og Bryggja

Tyske soldatar oppstilte i september 1944 i samband med utdeling av medaljar. Huset i bakgrunnen er Holviks Pensjonat. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tyske soldatar oppstilte i september 1944 i samband med utdeling av medaljar. Huset i bakgrunnen er Holviks Pensjonat. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hausten 1943 vart Sogn og Fjordane delt i to forsvarsavsnitt, det eine for Sognefjorden og det andre for Nordfjord. Leiinga for infanteribataljonen låg i Måløy.

Staben talde i alt 44 personar: Fem offiserar, 12 underoffiserar og 24 soldatar. Både Sogn og Nordfjord-avsnitta var underlagt ein general som sat i Førde. I 1943 hadde denne bataljonen store infanteristøttepunkt i Måløy, Raudeberg, Bryggja, Svelgen og Florø. Hausten 1944 vart denne staben flytta til Bryggja og mannskapsstyrken trappa ned til berre eit kompani som var forlagt i Måløy.

Sjå òg: *Krigshistoria i Vågsøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.04.2010