Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsfly styrta i Masfjorden

I november 1942 styrta eit tysk Junker 52 transportfly i tett skodde i Tangedalskaret i Masfjorden. Dei sju omkomne vart frakta ned til Virkesdal.

Flyvraket vart funne 2–3 veker etter styrten. Kistene vart sende via Dalsøyra til Bergen, og dei vart gravlagde i Trondheim. Ein kan framleis sjå restane av flyet.

I 1944 havarerte eit tysk fly på Grindefjellet ved Eidsfjorden etter at det hadde fått motorstopp, og heile mannskapet på 8-10 mann omkom.

Flyslepp til Dalsbygda

Eit flyslepp til Bjørn West-styrkane i Matrefjella i april 1945 hamna i Dalsbygda. Folk i bygda meiner at uhellet skuldast at ei kone som hadde eit ærend ute på gardstunet om natta gjekk og lyste med ei lykt, og at flygarane misforsto «signalet» og droppa lasta på feil stad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007