Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsfly styrta på Grindefjellet

Delar av det tyske flyet på Grindefjellet i 2009. Foto: Kåre Lund.

Delar av det tyske flyet på Grindefjellet i 2009. Foto: Kåre Lund.

Den 13. november 1942 styrta eit tysk Junker 52 transportfly på Grindefjellet i Gulen. Flyet kom frå Ålborg i Danmark og hadde mellomlanda i Bergen før det flaug vidare nordover. Flyvraket vart funne ein månad etter styrten, den 18. desember. Dei seks omkomne vart frakta ned til Virkesdal. Kistene vart sende med båt via Dalsøyra til Bergen, og dei vart gravlagde i Trondheim. Ein kan framleis sjå restane av flyet.

Kart over området, der staden flyet styrta er markert med raudt.

Kart over området, der staden flyet styrta er markert med raudt.

Flyslepp til Dalsbygda

Eit flyslepp til Bjørn West-styrkane i Matrefjella i april 1945 hamna i Dalsbygda. Folk i bygda meiner at uhellet skuldast at ei kone som hadde eit ærend ute på gardstunet om natta gjekk og lyste med ei lykt, og at flygarane misforsto «signalet» og droppa lasta på feil stad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2011