Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Fjaler

Kystfortet på Lammetun var strategisk viktig for dei tyske okkupasjonsstyrkane under andre verdskrigen. Framleis kan vi sjå korleis tyskarane måla øyprofilane, mellom anna Alden inne i bunkeren. Foto: Kjell-Ragnar Berge, frå boka Fronten er kysten!

Dingemoen Eksersisplass

Det Søndfiordske Compagnie vart skipa kring 1679 og hadde eksersisplassen sin på Dingemoen i Dale.

2. VERDSKRIG:

Tvangsflytting av kystfolket

Bygdefolket vart tvangsflytta då den tyske okkupasjonsmakta bygde to av dei sterkaste kystforta i Sogn og Fjordane på Lammetun ved Lutelandet og på Fure ved innløpet til Dalsfjorden. Men tyskarane hadde ei tid planar om deportasjon av eit langt større omfang enn tvangsflyttinga kring dei nye kanonfestningane.

Fem menn frå Fjaler som drog med båt til Storbritannia i august 1941 for å sleppe unna arbeidstenesta til tyskarane. I alt 22 frå Fjaler reiste. Dei fem på biletet er bak frå v: Andreas Bortheim, Peder Sundal og Sverre Strand. Framme frå v: Knut Christiansen og Albert Hope. Foto frå 1990: Firda.

Mange Shetlands-fararar

Dale er truleg den bygda i fylket der det rømde flest ungdomar til Shetland. Les også om pensjonisten som gjekk inn i Shtelands-gjengen og vart krigshelt.

Fortet på Lammetun

Kystfortet på Lammetun vart bygt frå oktober 1941, og skulle saman med Fure-fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Bufjorden, og sperre innløpet til Dalsfjorden.

Fortet på Fureneset

Fortet på Fureneset vart bygt i 1942. Minesperringa kring Furefortet var den største i heile fylket.

”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne

I februar 1943 kom motorbåten «Brenning» med brørne Arthur og Hjalmar Brendsdal sporlaust bort. «Brenning» vert sist sett på veg nordover ved Askvoll. Ombord har Brendsdals-brørne ein deserterande tysk soldat og ei kvinne frå Korssund som passasjerar. I 1976 finn ein vraket av «Brenning» søkkt i Førdefjorden, og dei to «passasjerane» vert oppdaga i Sverige.

Havda, som vart senka ved Lutelandet i 1944. Foto frå boka Havet tok, utlånt av Knut Sørgaard.

Havda, som vart senka ved Lutelandet i 1944. Foto frå boka Havet tok, utlånt av Knut Sørgaard.

Bombinga av «Havda»

I desember 1944 vart gods- og passasjerskipet «Havda» frå Steinkjer bomba i senk av allierte fly ved Lutelandet i leia sørvest for Korssund. Skipet vart råka av 30 rakettar. Minst åtte personar omkom. Astrid Onarheim frå Måløy var mellom dei som omkom. 35 personar overlevde og kom seg i land på Vesle Brattholmen. Men 14 var såra, og vart seinare frakta til Korssund og Askvoll.

Havda innhylla i røyk under åtaket frå dei allierte flya. Foto frå boka Havet tok, utlånt av Knut Sørgaard.

Havda innhylla i røyk under åtaket frå dei allierte flya. Foto frå boka Havet tok, utlånt av Knut Sørgaard.

Lasteskip sett på grunn

Vinteren 1943: Det tyske lasteskipet «Jessica» vart sett på grunn på Einingsneset med store lekkasjar etter eit åtak. Kvar åtaket har skjedd, er ukjent. Tyskarane på Lammetun-fortet heldt vakt over havaristen.

AT-leir i Hellevik

Sommaren og hausten 1941 var det i ein kort periode ein AT-leir for norske gutar i Hellevik. Norsk ungdom vart tvangsinnkalla til Arbeidstteneste (AT) under 2. verdskrig, og leiren i Hellevik talde kring 12 gutar som kom frå Fjaler, Hyllestad og Florø. Oppgåva var å hogge skog på gardane Holt og Lone.

Falne og omkomne frå Fjaler

I alt 16 personar frå Fjaler omkom som fylgje av krigshandlingar under andre verdskrigen.

Folk frå Fjaler i tysk fangenskap

Mjøl var mangelvare under andre verdskrigen, og på Tømmerbakke dyrka dei sitt eige korn. Klimaet i Fjaler er ikkje akkurat idèelt for korndyrking, men her har dei iallfall fått kornet på staur. Foto: Bjarne Tømmerbakke. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.04.2013