Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Gloppen

Russiske krigsfangar på Sandane i 1943. Fire av dei flykta i 1944 og heldt seg skjult i Russarhola fram til krigen tok slutt (sjå nede på sida).

Russiske krigsfangar på Sandane i 1943. Fire av dei flykta i 1944 og heldt seg skjult i Russarhola fram til krigen tok slutt (sjå nede på sida).

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.

Gloppenske Kompani

hadde frå 1700-talet eksersisplassar på Vereide og Reed. Kompanisjefen budde frå 1768 på Apalset. I 1792 vart Ytre-Hauge utpeika som sjefsgard. Eksersisplassen på Revollen i Breim var det kaptein Adam Bech som sjølv hadde fått rydda i 1754.

Kronprinz Wilhelm von Preussen hasta gjennom Gloppen då første verdskrigen braut ut.

Kronprinz Wilhelm von Preussen hasta gjennom Gloppen då første verdskrigen braut ut.

Første verdskrigen

Under utbrotet av 1. verdskrig sommaren 1914 oppheldt den tyske keisar Wilhelm seg i Balestrand (sjå Krigshistoria i Balestrand). I tillegg til keisaryachten ”Hohenzollern” hadde keisaren som vanleg med seg ei tysk flåteavdeling på feriereisa til dei norske fjordane. Straks keisaren fekk melding om at krigen hadde brote ut nede på Kontinentet, letta skipa hans anker og stima ut Sognefjorden. Den tyske tronarvingen, Kronprinz Wilhelm von Preussen (1882-1951), ferierte i Olden då han vart varsla om krigsutbrotet. Kronprinsen reiste straks med skyssbåt til Sandane. Der vart han i hui og hast køyrd til Vadheim og plukka opp av den tyske keisarflåten før den sette kursen heim. Sjåføren som køyrde kronprins Wilhelm til Vadheim, var Ola Rasmusson Ryssdalsnes frå Sandane, og Agnar Nyhagen var grindagut. På den tida låg grindagutane framme på ein av dei store hjulskjermane slik at dei lett kunne hoppe av og opne veggrindene som den gongen sperra riksvegane over alt.

Andre verdskrigen

Dei tyske bombeflya har sleppt to bomber, men som vi ser trefte dei fjorden eit godt stykke frå ”Keiserinne Dagmar”. I alt sleppte flya 11 bomber, men ingen av dei trefte skipet. Foto: Kristen Solheim, frå ”Soga om Gloppen og Breim”.

Bombing på Gloppefjorden

Ved krigsutbrotet i april 1940 vart også Gloppen utsett for bombing: 28. april freista tyske fly å senke det danske skipet «Keiserinne Dagmar» på Gloppefjorden, utan å lukkast. I samband med bombinga av lasteskipet «Wartheland» på Nordfjordeid 1944 (sjå Krigshistoria i Eid) løyste allierte fly også skot over Gloppefjorden, utan at dei gjekk til større åtak på konkrete mål.

Hurtigruteskipet ”Finnmarken” ved kai på Sandane i 1940. Det fekk folk til å strøyme til kaia. Skipet søkte ly i Hyefjorden, men tok óg turen til Sandane.

Hurtigruteskipet ”Finnmarken” ved kai på Sandane i 1940. Det fekk folk til å strøyme til kaia. Skipet søkte ly i Hyefjorden, men tok óg turen til Sandane.

Søkte ly i Hyefjorden

I Hyefjorden søkte hurtigruteskipet D/S «Finnmarken» ly dei første krigsvekene i 1940. Skipet som var bygt i 1912, gjekk seinare inn i hurtigruta langs kysten, og gjekk i ruta så lenge krigen varde.

Tyskarleir på Sandane

I 1943 bygde tyskarane ein militærleir på Sandane, og konfiskerte m.a. Turnhallen som sovesal og standkvarter. På Sandane bygde tyskarane opp store varelager som m.a. skulle forsyne dei store leirane dei hadde i Førde, Stryn og på Nordfjordeid.

Turnhallen på Sandane var sovesal for tyskarane. Dette biletet er teke på eit turnstemne etter krigen.

Turnhallen på Sandane var sovesal for tyskarane. Dette biletet er teke på eit turnstemne etter krigen.

Illegale jaktvåpen i Hyen

Trass i nøye kontroll og krav om innlevering, fekk skyttarlagsfolk gøymt unna mykje våpen og ammunisjon. I Hyen dreiv ein m.a. hjortejakt gjennom heile krigen. Tyskarane var på sporet ein gong, utan å finne jegrane. Også på andre stølar i Gloppen vart det fleire gonger leita etter våpen.

Hyarane leverte i liten grad inn våpena sine og dreiv hjortejakt også i krigsåra. Dette biletet er teke i 1957, og det er Ola Mjellem som viser fram resultatet av jakta. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet.

Sabotasje av radioproduksjon

Olav Sande - forretningsmannen hadde såvidt starta radioproduksjon på Sandane før krigen, og dreiv også undervisning i elektroteknikk på ein kveldsskule (sjå Skular i Gloppen). Tyskarane ville utnytte kunnskapane hans i si teneste til m.a. reparasjon av utstyr, men Sande saboterte ved å seie at han mangla reservedelar. . – Les meir under Flora kommune om Olav Sande sin Stad Radiofabrikk som har starta i Florø etter krigen.

Storhogst av brenneved

Under krigen vart det fleire stader i Gloppen stor hogst av brenneved. I Skjerdal t.d. vart det hogge fleire tusen mål bjørkeved som vart fløyta med elva til fjords. Opptil 20 «skogsrekruttar» tok del i arbeidet.

Paula Andersson.

Paula Andersson.

Paula Anderson-mysteriet

Dette mysteriet hadde samanheng med at ungjenta Paula hadde gått frå Fitje og over fjellet for å besøke kjærasten sin på Gjengedalsstøylen i Hyen i 1944. På veg heim att vart ho sporlaust borte. Store styrkar saumfòr fjellet utan å finne noko. Sidan det var krig, gjekk det mange rykte om kva som kunne ha hendt med Paula. I ein nøkkelroman («Vi håper på høsten») som vart skriven om mysteriet, vart det m.a. antyda at ho kunne ha slått seg saman med ein tyskar og rømt. I 2010 tok forfattaren Egil Ulateig til å forske i saka. Han fekk då brev frå ein mann som kjende Paula og som fortalde at han hadde sett henne på gata i Bergen i september 1944, etter at ho forsvann.

Dei fem fangane som overvintra i Russarhola frå september 1944 til mai 1945 og nokre av hjelparane. Bak frå v. André, Filip, Jakob H. Rygg og Jon Ravnestad. Framme frå v. Alex Krag, Edvin Sande, Nicolai, Jakob og Karl Sande.

Russarhola

på sørsida av Gloppefjorden (like ved der søppelfyllinga Ivahola ligg i dag) har sitt spesielle namn frå 2. verdskrig: På Sandane vart det i 1943 oppretta ein leir for 40 russiske fangar. Hausten 1944 greidde fire fangar å røme. Etter ei spennande flukt, hjelpte motstandfolk dei til å gøyme seg i ei fjellhole på Sørstranda. Trass i fleire rassiar, greidde ikkje tyskarane å finne gøymestaden. Motstandsmannen Alex Krag budde saman med russarane i hola til frigjeringa 1945. Russarane gjekk i 17. mai-toget på Sandane i 1945. (Høyr reportasje oppe på sida.)

Russarane var fangar i dette huset på Sandane.

Russarane var fangar i dette huset på Sandane.

I Russarhola er det framleis sko og reiskapar etter russarane.

I Russarhola er det framleis sko og reiskapar etter russarane.

Todørshellaren - ein motstandsbase

I dei siste månadane av 2. verdskrig vart ein berghellar på austsida av Hyefjorden, kalla Todørshellaren, tidvis nytta som base og møteplass for Milorg-folk.

Spionbrørne Henden

Olav K. Henden var saman med broren Rolv Henden i Førde nøkkelpersonar i motstandsrørsla i Fjordane under 2. verdskrig.

Tørste raude djevlar

Ved feiringa av frigjeringa 1945 kom ei avdeling frå kommandostyrkane Red Devils til Sandane. Dei opna tyskarane sine lager av vin og brennevin, og skjenkte seg sjølve og bygdefolket til det var tomt!

Falne og omkomne frå Gloppen

Firda-elevar som fall under 2. verdskrig

Folk frå Gloppen i tysk fangenskap

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 19.01.2011