Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Naustdal

Minne um dei menn fraa Naustdal som i 1807-1814 stridde for heim og fedraland, står det på denne minnesteinen i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minne um dei menn fraa Naustdal som i 1807-1814 stridde for heim og fedraland, står det på denne minnesteinen i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Deserterte frå Kalmarkrigen

I 1612 vart 117 menn frå Sunnfjord utkommanderte for å delta i det som seinare har vorte kalla Kalmarkrigen, ein krig som vart utkjempa 1611-1613 mellom Danmark-Noreg og Sverige i Blekinge og Småland. Sunnfjordingane vart plasserte ved Svinesund.

Minnesteinen på Svorstøl over brørne frå grenda som var med i krigen mot Sverige 1807-1814. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnesteinen på Svorstøl over brørne frå grenda som var med i krigen mot Sverige 1807-1814. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men etter ei tid var det 27 sunnfjordingar som deserterte og stakk frå heile krigen. Fem av desertørane var frå Naustdal. Ein kjenner namnet på eit par av dei: Ingebrigt Pedersson Mallasvik og Amund Olsson Herstad. Straffa for slikt var vanlegvis hard, men av ein eller annan grunn såg danskekongen i nåde til desertørane slik at sunnfjordingane slapp med bøter frå halvannan til åtte riksdalar.

Krigsminne i Instedalen

I Instedalen vart det i 1914 reist ein minnestein over brørne Anders Svorstøl (1788–1810) og Simon Svorstøl (1790–1886) som deltok i krigen mot svenskane 1807-1814. Anders fall under kampane.

Andre verdskrigen i Naustdal

Det store luftslaget over Sunnfjord 9. februar 1945 var den klart mest dramatiske hendinga for folk i Naustdal under andre verdskrigen.

Større artiklar frå 2. verdskrig:

*”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne *Luftslaget over Sunnfjord

Den tyske forpostbåten V 6808 ”Rugier” blir treft av granatar frå  allierte fly ved Frammarsvik 9. februar 1945, også kalla den svarte fredagen. Biletet er teke frå eit kanadisk fly. Foto: ”EO-S” 404 Squadron RCAF.

Hovedside:

*Historia i Naustdal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.12.2010