Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsutbrotet 1940

Ved mobiliseringa i aprildagane 1940 vart det sett opp ein landvernbataljon med kring 110 mann på eksersisplassen på Nordfjordeid.

Dette skjedde etter at sjefen for IR 10, general Steffens, den 18. mai hadde mobilisert ekstra styrkar fordi dei første innkalla vart utsette for harde åtak kring Voss og måtte trekkje nordover. Men korkje ekstrastyrkane som var mobiliserte til Nordfjordeid eller tilsvarande ekstrastyrkar som var kalla saman i Førde, Sogndal og Lærdal, kom i kamp. Krigen på Vestlandet var over den 1. mai 1940 då general Steffens kapitulerte. Sjølv rømde han med staben sin med eit sjøfly frå Sandane same kvelden med kurs for Nord-Noreg.

Fenrik Kåre Torheim, som då var i Førde, fekk ordna med lastebil og frakta store mengder våpen og ammunisjon nordover. Desse vart gøymde i ei ur i Torheimstranda.

Ein patrulje frå «Nordfjord-styrken» var den 28. mai på Strynefjellet for å reparere telefonlina då dei oppdaga eit tysk flymannskap som hadde naudlanda der den 27. mai etter kamp med to engelske fly. Under arrestasjonen trekte ein tyskar pistolen og vart skoten. Det tyske mannskapet vart send til forvaring på Nordfjordeid før dei vart sende vidare ut til kysten og til krigsfangenskap i England.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.02.2011