Hopp til innhold
X
Innhald

Luftslaget over Sunnfjord

Den tyske forpostbåten V 6808 ”Rugier” blir treft av granatar frå  allierte fly ved Frammarsvik 9. februar 1945, også kalla den svarte fredagen. Biletet er teke frå eit kanadisk fly. Foto: ”EO-S” 404 Squadron RCAF.

På slutten av krigen dreiv allierte fly klappjakt på tyske krigsskip og konvoiar langs Norskekysten. Den 9. februar 1945 hadde tyske krigsskip gøymt seg under høge fjell inne i Førdefjorden då det braka laus. (sjå også Krigshistoria i Vågsøy - om storangrepet på Måløy hamn i april 1945).

Tyske krigsskip oppdaga

Om morgonen 9. februar 1945 oppdaga eit britisk rekognoseringsfly fleire tyske krigsskip, m.a. ein stor destroyer, som hadde gøymt seg i Førdefjorden ved Bjørkedal (sørsida, no Førde kommune). Då dei tyske skipa såg at dei var oppdaga, spreidde dei seg og la seg m.a. ved Frammarsvik og Bjørkedalslandet.

Modell av det tyske krigsskipet Z 33, utstilt i Luftkampmuséet i Frammarsvik. Dette skipet var hovudmålet for dei allierte flya. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Modell av det tyske krigsskipet Z 33, utstilt i Luftkampmuséet i Frammarsvik. Dette skipet var hovudmålet for dei allierte flya. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

42 fly frå England

Frå basar i Skottland letta 32 Beaufighter- og 10 Mustang kampfly, og om ettermiddagen gjekk dei til åtak på den tyske flåten i Førdefjorden. Men tyskarane fekk alarmert flybasen sin på Herdla ved Bergen, der 12 Foche Wulf jagarfly gjekk på vengene.

Modell av eit Mustang jagarfly i Luftkampmuséet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Modell av eit Mustang jagarfly i Luftkampmuséet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luftslaget over Sunnfjord denne ettermiddagen utvikla seg til eitt av dei største og hardaste over norsk jord under 2. verdskrigen, og kunne merkast over store deler av Sunnfjord og ytre Sogn.

Store tap

Dei allierte lei dei største tapa med 14 falne flymannskap og ni nedskotne Beaufigheter’ar og eitt Mustang-fly. Overlevande mannskap på naudlanda fly vart tekne til fange, og mange fly som returnerte til Skottland var så skadde at dei måtte buklande.

Nokre av dei tyske skipa gøymde seg i landskuggen i Juvika på sørsida av Førdefjorden, midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nokre av dei tyske skipa gøymde seg i landskuggen i Juvika på sørsida av Førdefjorden, midt på biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fem tyske Focke Wulff vart skotne ned, to tyske flygarar drepne og to såra. Krigsskipa i Førdefjorden vart relativt lite skadde: På destroyeren braut det ut brann på brua, og det brann også i ein minesveipar. To andre skip fekk også mindre skadar, men ingen sokk. Sjølv om striden gjekk føre seg tett inn på busetnad, kom ingen sivile til skade.

Luftkampmuséet er bygningen til høgre på garden Slettehaug i Frammarsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luftkampmuséet er bygningen til høgre på garden Slettehaug i Frammarsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Minnestein og museum

I 1985 vart ein minnestein over dei falne i luftslaget den 9. februar 1945 reist ved Førde Lufthamn, Bringeland - sjå Krigshistoria i Gaular. I 1999 vart det opna eit krigsmuseum i Frammarsvik til minne om det store luftslaget, som har gått over i historia som «den svarte fredagen». I musèet er det samla vrakdeler frå havarerte fly og bilete frå kampane.

Les meir om krigshistoria i Naustdal.

Motoren frå eitt av flya som vart skotne ned står no utanfor Luftkampmuséet.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Motoren frå eitt av flya som vart skotne ned står no utanfor Luftkampmuséet.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.09.2010