Hopp til innhold
X
Innhald

Luftvern-batteriet på Hovden

Restar av kanonstilling på Hovden. Foto: Kjell-Ragnar Berge.

Restar av kanonstilling på Hovden. Foto: Kjell-Ragnar Berge.

Ved krigsutbrotet var det norsk vakt på den militære flyvarslingstasjonen på fjellet Hovden sørvest for Ervik. Den tyske festninga og kanonbatteria på Hovden vart bygde frå vinteren 1942-1943 og var stridsklare sommaren 1944.

Her var det installert fire 105 mmm luftvernkanonar, tre 40 mm Bofors luftvernkanonar og to Madsen 20 mm luftvernkanonar. Dessutan hadde anlegget to 60 centimeters lyskastarar. Eit par av kanonane og ein lyskastar vart monterte på fjellet Lisjehovden litt nærmare skipsleia. Kommandoplass, sambandsrom og ammunisjonslager vart skotne inn i fjellbunkerar.

Tvers gjennom fjellet vart det skote ein 94 meter lang tunnel der ein monterte ei kabelbane med skinnegang for transport av ammunisjon til kanonstillingane. Ein annan tunnel på 104 meter leidde opp til ei av kanonstillingane på fjelltoppen.

På Hovden var det også ein tysk marine-signalstasjon og ein flymeldepost. Festninga vart lagt ned like etter krigen og kanonane frakta til Bergen.

Kart over den tyske festninga på Hovden. Frå boka Fronten er kysten av Kjell-Ragnar Berge.

Kart over den tyske festninga på Hovden. Frå boka Fronten er kysten av Kjell-Ragnar Berge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.04.2010